Julekalender 17. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under dagens nisselue får vi helse på teaterregissør og skodespelar Cicci Henriksen. Ho var ferdig utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole i 2005, og debuterte da som Ramborg ved Trøndelag Teater, der ho jobba fram til 2012.

No er ho aktuell som regissør for oppsetjinga «Blokk til blokk» ved Det Norske Teatret, med blant anna Don Martin på scena.

«Ei oppleving som er større enn ein konsert og rikare enn ei vanleg forestilling», skriv Aftenposten om oppsetjinga.

Henriksen er òg festivalsjef for hiphop- og teaterfestivalen SPKRBOX, som vart arrangert første gong i 2014, og som vi kan få eit gjensyn med til hausten.

Kanskje har du òg sett henne som Beate Krogstad i Hotell Cæsar?

Henriksens beste juletradisjon, er når familien skal ut i eigen skog for å hente juletre. Det er ein lang og omfattande prosess, som ofte resulterer i eit ikkje så fint juletre, fordi dei synest synd på dei litt skakke trea.

Og hennar største ønske for 2019, det er som fleire har ønska, at det skal bli fredelegare på jorda vår. Og eit anna ønske ho har, er at det skal bli slutt på misbruk av born.