Opnar familiepark om Anne-Cath Vestlys univers

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Anne-Cath Vestly finst allereie i hjarta til veldig mange. Ho hadde ein magisk måte å treffe barn på, som vi håpar at endå fleire no vil oppdage, seier prosjektansvarleg Kiersten Kauffman.

Familieparken og museet vil vere fylt av opplevingar ute og inne som skal engasjere på tvers av generasjonar. Alt innhald vil vere inspirert av dei grunnleggjande verdiane hennar om fantasi, respekt, tryggleik og sjenerøsitet.

Prosjektet har henta inspirasjon frå fornøyelsesparken Astrid Lindgrens Värld i Vimmerby i Sverige.

Kor godt kjenner du Astrid Lindgren sitt univers? Prøv deg i vår quiz!

Ingen link til Sørlandet

Barnebokforfattaren hadde ikkje noka tilknyting til Sørlandet eller Lyngdal. At universet hennar no kjem dit, er eit tilfelle, og kjem av at ideen til familieparken kom frå Ubostad-familien. Dei driv allereie Sørlandsbadet i regionen.

– Det verker kanskje litt rart, men Anne-Cath Vestly var heile Noregs mormor. Familieparken kunne derfor lege kvar helst.

Kauffman beskriv Vestly som ei spenstig dame som levde utanfor vanlege samfunnsnormer.

– Ho stødde opp under alle idear som berre poppa opp i hovuda til barn. Vi trur ho ville tenkt det same om plasseringa til opplevingsparken, seier Kauffman.

Les også: Fem fantastiske sitat frå Astrid Lindgren

Støtta gjennom statsbudsjettet

Anne-Cath Vestlys univers blir realisert gjennom eit regionalt samarbeid mellom Kvinesdal, Farsund og Lyngdal. Prosjektet har fått støtte frå Vest-Agder fylkeskommune og ei toårig nasjonal støtte på statsbudsjettet.

Delar av opplevingsparken vil opne i jubileumsåret 2020, same år som den folkekjære forfattaren ville fylt 100 år. Resten av parken blir planlagt opna året etter.

Det er enno ikkje avgjort kor stor parken vil bli.

– Vi jobbar ut frå slagordet «den vesle parken som skaper store inntrykk», seier Kauffman.