Julekalender 14. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I heimen til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er det han sjølv som står for julematen. Det er ikkje berre berre, for der foreinast både vestlendingar og austlendingar med alle sine mattradisjonar rundt same bord.

Kringkastingssjefen har allereie lova ei fantastisk julegåve til neste år, nemleg at NRK neste år skal nå målet om 25 prosent nynorsk på alle flater, men for hans eigen del er det ikkje tvil om kva han har sett mest pris på under juletreet.

– Vi som har barn har vore gjennom ein periode der dei raraste ting har vore laga gjennom året: Teikningar, skjerefjøl, kopp med «Verdas beste pappa» på. Det er inga julegåve som er overrekt med så stor stoltheit som dei gåvene, så dei er framleis mine beste julegåver.

God 14. desember!