Mari Boine til Dei nynorske festspela

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Boine har med utgangspunkt i joik og samisk musikk skapt eit personleg uttrykk med element frå rock, jazz og musikk frå andre kulturar

– Mari Boine er ein stor internasjonal artist, og ein stolt formidlar av språket og kulturen sin. Boine er kjend for å levere fantastiske og stemningsfulle konsertar, med musikarar av aller høgste kvalitet. Vi er svært stolte av å ha Boine på festspelprogrammet, programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Dei nynorske festspela blir arrangert 13.–16. juni 2019 i Ørsta og Volda, med Carl Frode Tiller som festspeldiktar og forteljingar som tema.

Her er ein smakebit på kva festspela har å vente seg:

Les også om Sofia Aarvik, ein av dei mange artistane som ser opp til Boine: – Ho sa at før ho fann joikmusikken og sine røter, så hadde ho vore berre eit skjelvande ospelauv av eit menneske. Eg kjenner meg veldig igjen i det.