Julekalender 11. desember

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under dagens nisselue finn vi ein forfattar som skriv for både store og små.

Brynjulf Jung Tjønn kom tidlegare i år ut med boka «Smadra» på Samlaget, og har ei heil rekke med bokutgivingar bak seg. I 2013 fekk han Brageprisen for boka «Så vakker du er», ei ungdomsbok om kjærleik.

Som familiefar har han teke med seg mattradisjonane frå heimplassen på Vestlandet til sin eigen heim på Austlandet, og den finaste julegåva han sjølv har fått, har han ferskt i minne, då han fekk ei sjølvstrikka lue av sin ni år gamle son sist jul.

Det var også då denne første sonen vart fødd at Tjønn for alvor fatta interesse for si eiga historie

Favorittordet til dagens kalendergjest er ordet hugnad. Kanskje kan ein finne hugnad i å bruke ordet litt meir?

God 11. desember!