Harald Stanghelle skal lage Vinje-utstilling
Harald Stanghelle, Ingrid Sponheim, Kristian Lødemel Sandberg og Sigrun Høgetveit Berg har alle takka ja til å sitje i ei arbeidsgruppe som skal planleggje basisutstillinga i det nye Vinje-senteret.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Om finansieringa går i orden, skal basisutstillinga ved Vinje-senteret for dikting og journalistikk i Vinje i Telemark opne i 2021.
– Denne utstillinga skal vere kjernen i tilbodet vi gir gjestene våre, og i korleis vi formidlar dikting og journalistikk, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.
- Les også: Skirbekk: – Vinje er hyperaktuell
Gruppa skal diskutere aktuelle og historiske problemstillingar innanfor dikting og journalistikk som utstillinga skal formidle. Eit viktig oppdrag er òg å sjå på korleis senteret kan formidle forfattarskapa til Aasmund Olavsson Vinje, Halldis Moren Vesaas, Tarjei Vesaas og Aslaug Vaa til nye grupper.
Harald Stanghelle er tidlegare redaktør i Aftenposten og fram til nyleg leiar i Norsk Redaktørforening. Ingrid Sponheim frå Ulvik er norsklektor ved Voss vidaregåande skule, Kristian Lødemel Sandberg er Fløgstad- og Vinje-forskar ved Høgskolen i Innlandet, mens Sigrun Høgetveit Berg er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø.
Har du ein liten Vinje-forskar i magen? Test kunnskapane dine her.