Ein låt eg likar: Count on me av Bruno Mars

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Count on me er ein song av Bruno Mars. Songen handlar om venner, og korleis venner kan hjelpe kvarandre. Count on me hjelper meg til å hugse på at eg har menneskjer i livet som eg bryr meg om og vil det beste for.

Eit snitt av songteksen er: «When we are called to help our friends in need» som betyr at me er til for å hjelpe vennane våre. Musikk er også noko som eg kan stole på. Fordi den kjem alltid til å vere der for meg når eg treng det.

Musikk er også noko som eg kan stole på

Count on me får meg til å føle meg bra. Eg høyrer på den når eg ryddar huset, når eg trener, når eg slappar av, og når eg sit i bussen. Den gir meg ein varm og god følelse som eg kjenner i heile kroppen. Den gjer meg glad, og forbetrar humøret mitt. Den gir meg også litt ekstra energi viss eg høyrer på den på veg til skulen. Songen er bare positiv og glad, så eg kan høyre på den når eg har det litt trist og tungt også. Det hjelper nesten kvar gong. Nokre gonger når eg ikkje har nokon og gå til, så hjelper det jo å høyre på favorittsongane mine.

Count on me er ein av dei.

Nokre gonger når eg ikkje har nokon og gå til, så hjelper det jo å høyre på favorittsongane mine

Denne songen dansar eg til, syng eg til og nynnar til. Eg får han fort på hovudet, nokre gonger har eg han på hovudet i fleire dagar.

Ein anna del av songen er: «you can count om me ’cause I can count on you». Det får meg til å tenkje. Eg kan stole på deg fordi du kan stole på meg. Er det alltid slik? Eg har ofte problem med å stole på andre menneskjer for det endar alltid opp likt. Dei sviktar meg og eg blir såra. Det er jo ein av grunnane til at det er godt å høyre på musikk. Det hjelper så godt. Uansett kva som skjer i livet mitt så kjem alltid musikk til å vere der for meg.

Når eg får Count on me på hovudet så kan folk bli lett irriterte på meg. Det er jo ein song eg syng om igjen og om igjen og om igjen. Så det er jo ikkje så rart. Men om eg skulle valt ein song å ha på hjernen så veit eg at eg hadde valt denne. Den er ikkje så kjedeleg og roleg, men samtidig ikkje overdrivande, intens og slitsam. Den har litt meir varme rytmar i seg. Den er fengande og flytande.

Om eg skulle valt ein song å ha på hjernen så veit eg at eg hadde valt denne

Det er også lett å sjå for seg det han seier i songen. Når eg høyrer: «if you ever find yourself stuck in the dark and you can’t see, I’ll be the light to guide you.” Så ser eg for meg at nokon hjelper ein som er på villspor i livet, for eksempel. Det gjer songen betre.

Nokre typar musikk gir meg ei slags kribling i magen. Om eg har høyrt på musikk ein gong eg var med vennane mine og koste meg ein gong for lenge sidan, så kan eg kjenne på den samme følelsen eg kjente på den gongen på ny, viss eg høyrer på den same songen. Det høyrest merkeleg ut men det er sant. Musikk kan vekkje minner.

Eg likar å høyre på musikk når eg bakar, eller lagar mat. Då er eg meir effektiv. Det same med lekser, det hjelper å ha noko i øyret som motiverar deg og gir deg energi.

Eg veit eigentlig ikkje heilt kva eg hadde gjort utan musikk. Musikk er livet mitt, liksom. Eg er hjelpelaus utan det. Verda utan musikk hadde vert så kjedeleg. Så stille, men samtidig så bråkete. Musikk har liksom ein tryggjande effekt på menneskjer. Er du trist så blir du enda tristare om du høyrer på trist musikk. Er du redd så blir du enda meir redd av å høyre på skummel musikk. Og om du er glad så blir du ekstra glad om du høyrer på glad musikk.

Verda utan musikk hadde vert så kjedeleg. Så stille, men samtidig så bråkete.

Musikk kan produserast av masse forskjellig. Nokre gonger når eg er aleine heime så likar eg å sette meg ved pianoet og spele noko. Det er så avslappande og fredeleg liksom. Du kan lage musikk med datamaskin, instrument, kroppen din, og med masse anna. Det er jo ganske lett å lage musikk. Du treng ikkje vere Kygo liksom. Alt du treng er ein mobil. No for tida er det så mange mogelegheiter når det kjem til musikk. Du kan laste ned appar som du kan bruke til å lage musikk med. Du kan finne videoar på Youtube der du kan lære deg å spele eit instrument eller byggje opp stemma di.

Musikk er til stor hjelp for meg i alle fall. Så om det ikkje hadde funnest musikk i verda så hadde ikkje menneskja få kunne kjenne på den fantastiske følelsen musikk gir.

Høyr songen her:

Denne teksten var eit av bidraga til Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song. Fleire bidrag kan du lese her