Stor etterspurnad på Lillegravens thriller

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spenningsromanen «Alt er mitt» har no eit totalopplag på 8500 bøker, melder Kagge om boka – som òg er selt for utgjeving i Frankrike, Tyskland, Polen og Spania.

Då boka vart utgitt i Noreg var ho allereie selt til Tyskland og Polen. Ullstein Buchverlage i Tyskland, som òg gir ut Jo Nesbø og Camilla Läckberg, sit på dei tyske rettane.

Vekte oppsikt da ho kom med thriller

Det vekte oppsikt her heime då lyrikar Ruth Lillegraven «plutseleg» slapp ein thriller i haust. Til NTB uttalte forfattaren at draumen om å skrive krim har følgt henne lenge.

Ho la til at ein i krimlitteraturen har høve til å bore djupt i menneskets «vedunderlege og vanvitige psyke», og føydde til:

– Det, og høvet til å spegle samfunnet, gir flotte moglegheiter for ein forfattar.

Les også: – Dikt må vere ypparleg for Snapchat-generasjonen

Aktuell med barnebok og teaterstykke

I haust er ho òg aktuell med barneboka «Skogen den grøne» og teaterstykket «Cally».

– Om det er nokre fellesnemnarar i bøkene mine? Døden er ofte med, og naturen speler alltid inn. Vidare er eg fascinert av korleis traume kastar mørke skuggar over nye generasjonar, uttalte Lillegraven til NTB i september.

Les også: – Krim er det mest krevjande eg har skrive