Kilogrammet skal pensjonerast

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.11.2018 16:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag samlar ei gruppe vitskapsfolk frå det internasjonale metrologiske miljøet i Versailles i Frankrike seg for å røyste over dei foreslegne endringane i det internasjonale målesystemet (SI).

For første gong skal alle dei sju grunneiningane i SI bli endra samtidig. Fire av grunneiningane – kilogram, ampere, kelvin og mol – får heilt nye definisjonar, mens dei tre siste – sekund, meter og candela – framleis skal ha definisjonen dei har i dag, men blir formulert om. Årsaka til endringa er at stadig betre teknologi har gitt betre og meir nøyaktige måtar å måle på.

Ny stabil referanse

– Den teknologiske utviklinga har no komme så langt at også kilogrammet kan bli knytt mot ein naturkonstant. Det tyder at vi no får ein stabil referanse, noko som vil gi oss gode høve for vidare utvikling, seier direktør for det norske Justervesenet, Geir Samuelsen, som er på plass i Versailles.

For kilogrammet betyr det at loddet, som har stått i ein safe i Paris-forstaden Sevres sidan 1889, blir dytta ned frå trona som sjølve definisjonen på éin kilo. Forskarane reknar med at prototypen har «mista» 50 mikrogram, noko som inneber at massen bli endra for alt anna i universet.

Den nye definisjonen blir ein fiksert numerisk verdi basert på Plancks konstant. Alle dei sju hovudmåleeiningane skal frå no av bli knytt mot fundamentale konstantar.

Det nye SI-systemet vil tre i kraft på verdsmetrologidagen 20. mai neste år, dersom endringane blir vedtekne.

Les også: Kanskje siste gong vi stiller klokka til vintertid