Frode Grytten: – Menn som ingen treng er kanskje endå meir aktuell i dag
Frode Grytten blei bokbada om novellesamlinga Menn som ingen treng på Falturiltu på Stord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den kjende forfattaren frå Odda, Frode Grytten, kom med novellesamlinga Menn som ingen treng i 2016.
Boka handlar om menn som køyrer vekk. Menn som blir igjen. Menn som krasjar nye bilar. Menn som er på veg ned. Menn med for mykje gjeld. Einsame menn. Fredelege menn. Valdelege menn. Ærlege menn. Kriminelle menn. Menn ein stad midt imellom.
Boka fekk strålande kritikkar, og blei nominert til Bokhandlarprisen.
LES OGSÅ: Rekordmange på Noregs største nynorske barnebokfestival