Syng «Dum og deilig» i dusjen
Kva forhold har du til song? Kva syng du i dusjen? Det spurde Framtida.no tre tilfeldige på gata i Oslo.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har akkurat begynt i kor, fortel Simon Ryvarden (15) til Framtida.no.

Simon Ryvarde har akkurat begynt å synge i kor. Foto: Beate Haugtrø
– Eg har aldri sunge veldig mykje, og eg er ikkje spesielt flink, men det er utruleg gøy, seier han.
Ryvarden fortel at han føler eit ansvar når han syng i kor, og at han lener seg på dei andre i koret og omvendt.
– Det å føle at du er ein del av noko, det gir eit veldig stort fellesskap, seier han.
No syng koret hans på ei gammal engelsk folkevise som heiter Scarborough Fair.
– Den er veldig morosam.
Ein annan Simon song i si tid den mest kjente versjonen av Scarborough Fair:
– Kva syng du i dusjen?

Knutsen og Ludvigsen gav ut albumet «Juba Juba» allereie i 1983.
– Kanskje eg nynnar litt på nokre gamle Knutsen og Ludvigsen-songar. Men det er fullt hus med mamma og pappa, så da blir det ikkje så veldig mykje synging, seier Ryvarde.
– Kva er din favoritt Knutsen og Ludvigsen dusj-låt?
– Det er eigentleg den mest populære – Dum og deilig. Eg fann han fram for litt sidan, og hadde ikkje høyrt på låten sidan eg var barn.
Det var veldig gøy å komme tilbake til det. Det var kjempehyggeleg. Og ein veldig bra dusj-song.
Her er dei to andre songglade folka Framtida.no møtte på gata.
Isidora Radulovic
– Kva forhold har du til song?

Isidora Radulovic syng ikkje i dusjen, men høyrer på musikk kvar dag. Foto: Beate Haugtrø
– Eg høyrer på musikk og song kvar dag.
Eg høyrer på det nyaste på Spotify, og favoritt-songen min er Running up that hill, med Placebo.
– Kva syng du i dusjen?
– Eg syng ikkje i dusjen!
– Nynnar du på yndlingslåten din?
– Nei.
Erlend Wikstrøm (17)

Erlend Wikstrøm (17). Foto: Beate Haugtrø
– Kva forhold har du til song?
– Eg høyrer jo mykje på musikk, men syng ikkje så mykje sjølv.
– Kva syng du i dusjen?
– Eg syng eigentleg ikkje nokon stad, med mindre eg går åleine. Da syng eg til songen eg høyrer på der og da.
– Kva høyrer du på?
Ein del hip hop, rap og indie-rock. Favoritlåten er Roots med Imagine Dragons.