«Ikke ketchup, men tyngre, mørkere, dypere»

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 08.09.2018 17:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslaget til boka Hyperpubertet av Vera Micaelsen

Når puberteten først startar, skjer det mykje på ein gang. For tretten år gamle Camilla, hovudpersonen i romanen Hyperpubertet av Vera Michalsen, er endringane nokså overveldande.

Camilla si oppleving av pubertet er nemleg ikkje heilt som vanlege trettenåringar. Ho er på klassetur når ho oppdagar at det glimtar på himmelen. Alt vert stille og kroppen hennar stivnar.

Når ho vaknar på sjukehuset etter fire dagar i koma, fortel veninnene hennar at dei trudde ho skulle døy. Veninnetrioen Regine, Stine og Eline har difor nytta dei siste dagane til å planlegge gravferda, skrive tårevåte talar og starte ein blogg for å heidre veninna si. Camilla sine protestar vert tilsidesett til fordel for trioens draum om å bli internettkjendisar.

«VI MÅ FILME DET!»

Som om ikkje veninnene er håplause nok, oppfører heller ikkje kroppen til Camilla seg som normalt. Den oppfører seg nokså rart, for å seie det mildt.

Same dag som ho kjem heim frå sjukehuset, sit ho i senga si saman med dei tre veninnene. Camilla kjenner at ho held på å svime av.

Stine hyler med store bokstavar når ho oppdagar at heile senga er full av blod. «HERREGUD, CAMILLA! NÅ DØR DU! VI MÅ FILME DET!»

Om lag ein gong i månaden får livmora beskjed om at det førebudde egget ikkje er befrukta. All planlegginga er forgjeves, og det er behov for ein ny start. Slimhinna i livmora har blitt tjukk og full av blod for å ta imot det potensielle egget, men no må prosessen starte på nytt. Alt må ut.

Mensen varar stort sett mellom tre og seks dagar. Det er stor variasjon i kor mykje kvinner blør, kva dagar dei blør mest, og korleis blodet ser ut. Nokre gongar er det brunt, andre gongar raudt, medan nokre opplever at blodet er farga rosa. Det kan vere tynt, klumpete eller kornete.

Blått og smakfult

Ingeborg, den forsiktige og stilferdige hovudpersonen i biletboka Megzilla av Gro Dahle og Kaia Dahle Nyhus, skildrar mensblodet sitt mellom anna slik: «Ikke ketchup, men tyngre, mørkere, dypere» Ho er flau over endringane som skjer i kroppen hennar, over flekkane i trusa og over at ho gøymer bind og tampongar i skuffar og vesker.

Noko av den same skamma knytt til menstruasjonsblodet kan vi sjå, eller rettare sagt ikkje sjå, i reklamar for bind og tampongar.

I staden for å nytte ei raud og blod-liknande væske for å demonstrere absorpsjonseigenskapane til produkta, nyttar reklamane i staden ei blå, steril og nesten smakfull væske som forsvinn inn i det kvite materialet.

Åsmund Eikenes

Åsmund H. Eikenes har skrive boka SPRUT om alle kroppsvæskene våre. I denne artikkelserien skriv han om kroppsvæsker i ungdomslitteraturen. Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Som eit hønseegg

Mengda blod kan sjølvsagt variere, men det er heldigvis ikkje så mykje at det ser ut som eit elgslakteri. I snitt er ein normal mens litt under ein halv desiliter (40 milliliter), men alt mellom 10 og 80 milliliter er innanfor normalen. Som referanse kan du tenke på eit hønseegg, der innhaldet i egget er om lag like mykje som ein normal mens.

Mor til Camilla ser alt blodet i senga til tenåringen og konstaterer at «litt blod har da aldri tatt livet av noen». Stine skildrar blodmengda slik: «Herregud, det ser ut som noen har slaktet en elg i senga hennes, jo.»

Camilla har fått mensen. Hyperpubertetsversjonen.

Camilla sin mens er langt utanfor normalen. Det same gjeld brysta hennar, som veks store som badeballar når dei kjem i kontakt med varmt vatn.

Neste veke blir vi med Camilla i symjehallen.

Les fleire artiklar i serien her!

BONUSTRACK: Sjå den elleville Mensen-musikkvideoen til Intetkjønn!