Arrangerer fjellfilm i Jotunheimen for 16. gong

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 04.09.2018 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det blir fjellturar, teltliv, film og foredrag når 1.000 festivalgjengarar tar plass ved foten av Besseggen 7. til 9. september.

På plakaten på den utselde Fjellfilmfestivalen står mellom anna førepremiere på filmen «Arctic» med Mads Mikkelsen, katastrofefilmen «Skjelvet» og dokumentaren «Dronning uten land» om klimaendringar og isbjørn på Svalbard.

Til saman 42 filmar skal rulle over lerreta gjennom helga.

Les også: Fjellfilmsuksessen

Få ein smakebit frå «Skjelvet» her:

Yoga og topptur

– Vi gler oss til å ta imot fjellfolket til den 16. utgåva av Fjellfilmfestivalen. Kombinasjonen av friluftsopplevingar og film i friluft er så godt som uslåeleg. Vêrmeldinga ser grei ut òg, så vi kryssar fingrane for opphaldsvêr og trur på ei strålande helg i haustfjellet, seier festivalsjef Maritha Bjørnbeth.

I tillegg til filmprogrammet kan festivaldeltakarane finne på mykje anna, mellom anna lære å bruke kart og kompass eller å lage turmat eller vere med på multisport, morgonyoga, eller guida toppturar.

Få ein smakebit frå «Dronning uten land» her:

Trailer Queen without Land from Asgeir Helgestad on Vimeo.

Fiksebu og fem 2.000-meterstoppar

DNT Ung og Bergans stiller dessutan med ei eiga «fiksebu» for dei som har turklede eller turutstyr som treng omsorg og reparasjonar.

– Nykomlingen i fjor, den guida turen «Fem 2.000-meterstoppar», er den aktiviteten det har vore mest rift om, også i år. Breturen til Surtningssue og matlagingskursa er òg populære. Vi har heilt klart dei sprekaste festivalgjengarane i Noreg, seier Bjørnbeth.

Få ein smakebit frå «Arctic» her:

 

 

 

Fjellfilmfestivalen

Vert arrangert av Stiftelsen Fjellkultur, som forlaget Fri Flyt og Den Norske Turistforening står bak.

Vart første gongen arrangert på Turtagrø hotell i 2003.

Sidan 2012 har Gjendesheim vore vertskap for Fjellfilmfestivalen.