Årets Oscar-kortliste: «Utøya 22. juli», «Blindsone» og «Hva vil folk si»
Filmen «Utøya 22. juli» i regi av Erik Poppe, «Blindsone» i regi av Tuva Novotny og Iram Haqs film «Hva vil folk si», kan alle bli norsk Oscar-kandidat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tre norske filmar vidare i kampen om Oscar
Ein av desse tre filmane vil i neste veke bli utpeikt til å representere Noreg i konkurransen om Oscar for beste ikkje-engelskspråklege film.
«Utøya 22. juli» handlar om terrorangrepet som ramma Noreg i 2011. Angrepet er godt dokumentert gjennom bøker, media og rettssaker, men filmen tar for seg panikken og forvirringa som oppstod, og dei umoglege vala offera vart stilt overfor. Filmen hadde premiere i Noreg 9. mars.
«Blindsone» handlar om ei mors kamp for å forstå krisa til dottera når den rammer heile familien. Filmen er ein historie om gråsonene i psykisk sjukdom. Filmen hadde norsk premiere 24. august.
I filmen «Hva folk vil si» får vi sjå norsk-pakistanske Nisha som lever eit dobbeltliv. Nisha er 16 år og balanserer mellom eit norsk ungdomsliv med venner og gutar ute, og eit meir tradisjonelt pakistansk familieliv heime. Filmen fekk nyleg fire Amanda-priser og hadde norsk premiere 6. oktober i fjor.
Kva for ein av desse filmane som blir den norske Oscar-kandidaten, blir offentleggjort tysdag 4. september.
Les også: Kan eigne filmprisar for casting løfte fram kvinner i filmbransjen?