Miljøorganisasjon vil regulere garnfiske for å bevare pigghå

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korleis er det mogleg at den stolte sjømatnasjonen Noreg framleis ikkje tar tak i det fleire i fiskerinæringa sjølve fortel om, nemleg at ein sterkt utryddingstrua og freda hai i norske farvatn blir ulovleg dumpa tilbake i havet utan at den eingong blir registrert når den blir fiska, seier Myhre i ei pressemelding.

Pigghåbestanden i Noreg har gått frå å vere kritisk trua til sterkt trua dei siste åra. Haien kjem inn i norske farvatn i periodar av året og i stimar.

Gjeld berre nokre veker i året

– I dei få vekene når pigghåen er langs norskekysten ønskjer Hjelp Havets Haier restriksjonar på garnfiske. Det er for eksempel snakk om nokre få veker i juni i Rogaland, ein periode i juli ved Hitra og ein periode i desember på delar av Sørlandet. Med ei lukking av fisket i desse periodane kan ein også få bort irritasjonen fiskarane har for at dei får pigghå i fangsten, seier Myhre til Fiskeribladet.

Les òg: Fekk hai på over eitt tonn på kroken i Nordland