Iman Meskini – skodespelaren bak Skam-Sana – får Brobyggerprisen 2018 for det ho har gjort for å «minske avstanden mellom menneske med ulike religioner».
NPK-NTB
NPK-NTB

Også Norway Cup får brubyggjarpris i år, for “verdifull og målretta kamp for inkludering og brubygging mellom nasjoner».

Prisane blir delte ut av 14. august-komiteen, som jobbar for å byggje bru mellom det norske og det pakistanske samfunnet.

– Har vist oss kor mykje vi har til felles

– Slik komiteen ser det, har Iman Meskini med rolla si i NRK-serien «Skam» som Sana, ført folk saman, både på skjermen og blant publikum. Iman Meskini har vist oss kor mykje vi har til felles, uansett alder, kjønn, legning og livssyn. At vi ikkje skal vere så raske til å mistru kvarandre, og at vi kjem lenger med kjærleik enn med hat, heiter det i grunngivinga til juryen.

– Meskini har òg gjort sitt til å minske fordommane, særleg mot unge muslimske kvinner med hijab.

Fotballturneringa Norway Cup får òg Brobyggerprisen 2018.

– Komiteen har lagt merke til at Norway Cup er den største fotballturneringa i verda for barn og unge, og Norway Cup har alltid vore opptatt av at ungdom skal møtast og bli kjent på tvers av landegrenser og bakgrunn, heiter det i grunngivinga.

Statsminister Erna Solberg skal delta under seremonien når prisane skal overrekkjast 12. august. Tidlegare har mellom andre kong Harald, Erna Solberg, Thorbjørn Jagland og tidlegare biskop Ole Kvarme fått prisen.

Prisen årets norskpakistanar skal òg delast under seremonien, og i år går den til Javad Mushtaq.

Les også: Skamlaust mot patriarkatet

Oppdatert: onsdag 1. august 2018 11.27

Kommentarar

ANNONSE