Nordmann sette verdsrekord i USA i eit propellfly

Nordmannen Torbjørn Dahl (24) sette ny verdsrekord i helga da han i eit propellfly besøkte 29 amerikanske delstatar på under 24 timar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi klarte det med god margin og kom oss innom 29 statar. Dermed slo vi den tidlegare rekorden med seks statar, seier Dahl (24) til VG frå Minneapolis i USA søndag kveld.

Nordmannen la ut på rekordforsøket saman med den britiske piloten Douglas Cairns. På 23 timar og 10 minutt rakk tospannet i eit tomotors propellfly å slå den tidlegare rekorden på 23 statar utan å sove.

– Vi var faktisk vakne heile tida begge to. Vi hadde sjølvsagt høve til å sove, men det gjekk såpass greitt, og så hadde vi ein god dialog om korleis vi følte oss. Eg hadde med meg tolv Red Bull, og alle saman gjekk unna oppi skyene der, seier Dahl.

Han er tidlegare flygar i Luftforsvaret, men mista i 2017 løyvet til å fly da han fekk påvist diabetes type 1.

– Vi vil med dette forsøket skape merksemd rundt eit utdatert regelverk som hindrar folk med diabetes type 1 å gjere det dei vil, sa han til avisa tidlegare i juli.

Les også: Første tur i elektrisk fly