Duka for skrekkteater i tidlegare sanatorium

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå torsdag 2. august til sundag 5. august er det duka for teaterframsyninga «Det gule tapetet» i bygget som har vore brukt til tuberkuloseheim, psykiatrisk sjukehus og asylmottak.

Harastølen i skodde. Foto: Kurt George Gjerde/ Wikipedia / CC BY-SA 4.0

– Det er eit stort og komplisert prosjekt, men det går veldig bra. Me gler oss til å visa fram det me har jobba med, seier regissør Jeff Pedersen til Sogn Avis.

Han lovar ei uforgløymeleg teateroppleving. Stykket handlar om ei kvinne med alvorleg fødselsdepresjon. Mannen hennar tek ho med til eit herskapshus langt borte frå byen for å kvila. Ho blir isolert frå omverda på eit rom med ein tapet ho etter kvart blir besett av, fortel avisa om handlinga i teaterstykket «Det gule tapetet».