Braksuksess for norsk kinofilm

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må tilbake til 2009 og «Max Manus» for å finne eit høgare 1. kvartal for norske filmar, heiter det i pressemeldinga frå Film & Kino.

Frå filmen 12. mann.

Frå filmen Den 12. mann.

Det er filmane «Den 12. mann», «Norske byggeklosser» og «Utøya 22. juli» som trekkjer opp snittet saman med fleire andre norske filmar. Det heile endar opp med ein norskdel på 33,4 prosent, informerer administrerande direktør Guttorm Petterson i Film & Kino.

Så langt i år har 1,15 millionar gått inn i kinomørket for å sjå ein norsk film.

For det totale kinobesøket må vi heilt tilbake til 2003 for å finne betre tal. Kinobesøket er 3,9 prosent høgare enn i fjor på same tid.

Nyopna Odeon med høge opningstal

For påska er det likevel ei litt anna historie. Strålande sol lokka fleire til fjells enn til kinosalen, og dermed blir det meldt om klar nedgang i påskebesøket på kino i forhold til rekordåret i fjor.

– Men det er verdt å merke seg at i Oslo har besøket auka med 12 prosent i påska, noko som openbert kjem av opninga av ODEON Storo, som åleine har hatt 28.438 kinobesøk sidan opninga 20. mars, seier Petterson vidare.

Frå pressekonferanse i Oslo i samband med filmen «Utøya 22 juli». Foto: Tore Meek / NTB scanpix.

Helga 30. mars til 1. april var det Steven Spielbergs nye eventyr «Ready Player One» som trekte flest til kinosalen, etterfølgt av den norske barnefilmen «Operasjon Mørkemann». Så følgjer Erik Poppes «Utøya 22. juli», framfor «Tomb Raider», som har fjerdeplassen. På femteplass dukkar det opp endå ein norsk film, nemleg «Brillebjørn på bondegarden».

På den resterande topp-ti-lista finn vi «Norske byggeklosser», «Coco», «Black Panther», «Petter kanin» og «Pacific Rim».