Northug, DDE og Anne B. Ragde syng ut for Trøndelag
Samanslåinga av Trøndelag har samla nokre av dei mest kjende trønderane på ein fengande musikkvideo.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Northug syng ut i musikkvideo
1. januar år blei Nord- og Sør-Trøndelag historie, og det samanslåtte fylket fekk namnet Trøndelag.
I går la Trøndelag fylkeskommunen ut videoen på Vimeo, og no går videoen ein sigersgang på nettet.
Mellom dei som er med er DDE, Ulf Risnes, Mona Grudt, Lisa Tønne, Trøndelag Teater, Emma Bones, Ane Dahl Torp, Øystein Dolmen, Anne B. Ragde og Nidarosdomens Guttekor.
– Dette er eit lite utval av både dei største «kjendisane», dei største talenta, og nokon me berre måtte ha med for å få fram dette mangfaldet me ønskte, fortel Kyrre Havdal til ABC Nyheter.
Saman med Mads Bones har han skrive tekst og musikk til «Trønder».