Åtvarar mot å 17.mai-pynta med bjørkeris innandørs

Å pynte med bjørk på 17. mai er tradisjon, men kva med alle dei som ikkje tåler det?

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ute er det ikkje til å unngå, men det er det ikkje inne heller mange stader på 17. mai.
Rundt ein femtedel av landets befolkning er plaga av pollenallergi på eit eller anna nivå.

10-20 prosent av dei ramma er barn, ifølgje Norges astma- og allergiforbund (NAAF).

– Me oppmodar alle til å legge til rette 17. mai-feiringa slik at den blir så hyggeleg og inkluderande som mogleg for alle. Me tilrår at det blir pynta med allergivennlege alternativ, og at ein avstår frå å ta med bjørkeris og kvitveis innandørs. Slik slepp vi at enkelte opplever ei forverring av pollenplagane sine, seier Anna Bistrup i NAAF til Framtida.no.

Alternativ til bjørk og kvitveis

pixabay

Man kva alternativ kan ein gje dei stakars 17.mai-kommiteane rundt i Noregs land om dei ikkje får bruke bjørk og kvitveis?

NAAF skriv på sine sider at Rogn, Lerk, Kornell (td, sibirkornell, hekkeplanten med knall raude kvister) og stemorsblom.

Av potteplantar anbefaler dei Ildtopp og Alpefiol, og av avskorne blomar er duftfrie rosar og nellikar greitt.

Kvit duk, serviettar og elles er det berre å være kreativ med papir, kartong, stein og maling.

LES OGSÅ: Ei tøff pollen-framtid