– Tilsett datakyndige 16-åringar
Små reiselivsbedrifter i distrikta bør gi sommarjobb til ungdom med web-teft, meiner direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Krohn Devold: – Tilsett 16-åringar
– Små distriktsbedrifter må forstå at dei er meir designbedrift enn produksjonsbedrift. For å trekke folk, må du få fram kva som er spesielt med akkurat din stad, seier Devold til Nationen.
LES OGSÅ: Gründer på fottur
Byggje bygda
Reiselivsdirektøren meiner at mange verksemder brukar for mykje tid på det tradisjonelle produktet, men gløymer å presentere det på ein god måte. Ho viser til at alle både kan og må lage ei god nettside for å drage til seg turistar.
– Hovudutfordringa er å sette saman gode opplevingspakkar og så presentere det på ein innbydande måte på nett. Du må gå saman med det lokale visit-selskapet og lage eit nettverk der du byggjer bygda saman, seier Kristin Krohn Devold til Nationen. (©NPK)
LES OGSÅ: Rekord for Flåmsbana