KrF vurderer sterkt å seie nei til fylkesnamnet Vestland

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med KrF om bord har det raudgrøne trekløveret fleirtal for å stogge dåpen av Vestland fylke, det nye namnet regjeringa har foreslått for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Hadia Tajik (Ap).

– Arbeidarpartiets stortingsgruppe har i dag konkludert med at saka må sendast tilbake til regjeringa for ei betre saksutgreiing, seier Ap-nestleiar Hadia Tajik til Stavanger Aftenblad onsdag.

Stortinget har halde ei kort høyring i saka. Regjeringa droppa høyringsrundar.

– Det er ikkje berre brot på utgreiingsinstruksen, det kan også ha fått reell betydning for namnet som ein no har enda opp med, seier Ap-nestleiaren.

KrF understrekar at dei ikkje har konkludert i saka.

– Vi vurderer det sterkt, seier Olaug Bollestad (KrF) på spørsmål om også KrF vil sende saka i retur.

– Vi har ikkje konkludert, men vi vurderer det på grunn av manglande høyringsrunde, seier KrF-nestleiaren.

Under høyringa på Stortinget kom det veldig sterke motførestillingar til uttrykk mot dei ulike namna frå ein reint fagleg ståstad, ifølgje Ap-politikaren. Eksempelvis har Språkrådet innvendingar både mot Vestland, Innlandet og Viken. Også Mållaget har reagert sterkt på namnet. (©NPK)