MDGs talspersonar foreslår å ha éin leiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Min konklusjon er nok at risikoen er mindre med ein tradisjonell leiarmodell, seier Hansson til Klassekampen.

– Samtidig skal ein ikkje følgje mykje med i norsk politikk for å vite at du ikkje er garantert mot ballade i partileiinga ved å ha ein tradisjonell leiarmodell. Vi kjem til å leve godt som parti med begge utfall av den diskusjonen, fortset han.

MDG i Oslo har kravd at spørsmålet blir lagt ut til uravstemming for heile partiet til hausten. Ein ny leiarmodell blir dermed ikkje avgjort på landsmøtet til helga.

Her er det venta at Bastholm utan motkandidat vil bli attvald som kvinneleg talsperson.

Til å etterfølge Hansson, som takkar av, er ein annan profil frå norsk miljørørsle favoritt, nemleg tidlegare leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender. 51-åringen frå Bergen blir utfordra av 31 år gamle Farid Shariati frå Vadsø. (©NPK)