Møre og Romsdal kan miste bokbåten
Fylkesrådmannen i Møre og Romdal tilrår at fylkeskommunen legg ned bokbåten Epos frå 1. september i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan bli siste reis for bokbåten
Det går fram av ei innstilling til kultur- og folkehelseutvalet i fylket. Fylkesrådmannen meiner at andre litteraturformidlings-tiltak gir meir igjen for pengane.
– Nye krav til fylkeskommunen i biblioteksektoren og auka krav om tilrettelegging gjer at bokbåten vanskeleg kan vidareførast slik vi kjenner han i dag, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.
– Fylkesbiblioteket, som i dag driftar bokbåten, har i biblioteklova fått ei tydelegare rolle som utviklingsaktør og bør etter vår meining ikkje drive eiga biblioteksverksemd, seier ho.
Andre tilbod i staden
I staden for bokbåt vil fylkeskommunen satse meir på sentralt tilrettelagde opplegg for debattar, scenekunst basert på litterære verk, konsertar, forfattarmøte, bokbad og anna som har vore etterlyst i biblioteka.
– Vi veit at det er sterke kjensler knytt til bokbåten, og at eit slikt forslag kan verke som eit tap for dei kommunane som no mistar eit tilbod. Samtidig trur vi at ei omprioritering vil føre til at vi får ei meir moderne og nyskapande litteraturformidling i heile fylket, og at alle i sum sit igjen med eit betre bibliotekstilbod enn dei har i dag, seier fylkeskultursjefen.
Møre og Romsdal fylkeskommune driv bokbåten Epos i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, som også vurderer å avvikle bokbåttenesta, ifølgje innstillinga. Kontrakten med utleigaren av båten, Vinnes Skyssbåtservice, går ut 31. august med opsjon på eitt års vidare drift. Fylkesrådmannen i Møre og Romsdal tilrår likevel å avslutte tenesta alt i haust.
LES OGSÅ: Slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane
Ny avtale kan bli dyr
Fylkeskommunen fryktar elles at nye krav til universell utforming, HMS og miljø i neste omgang vil gjere ein eventuell ny bokbåt-avtale mykje dyrare enn den gjeldande rammeavtalen.
Bokbåten er kvar haust og vinter innom 66 stoppestader i 24 av dei 36 kommunane i fylket. Besøkstala er stabile, “men med ein svak nedgang”, heiter det i innstillinga. Også utlånstala viser ein svak nedgang. Fylkeskommunen trur denne nedgangen kan ha å gjere med nedlegging av skular, kansellerte stopp grunna dårleg vêr, og at stopp i skuletida har vorte flytta til kveldstid.
Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal skal ta stilling til om ordninga med bokbåt skal halde fram eller leggjast ned, onsdag 16. mai. (©NPK)