Denne regnbogen varte i over åtte timar

Sjå, ein regnboge! Og vipps, så er den vekk, ofte før vi får leita fram kameraet. Men det skjedde ikkje med denne regnbogen i Taiwan.

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne regnbogen sette ny rekord

I Yangmingshan, som er ein nasjonalpark i Taiwan, dukka det opp ein regnboge som varte i heile 8 timar og 58 minutt.

I 1994 var det ein regnboge som varte i seks timar. Det skjedde i Yorkshire i Storbritannia, og sidan har den regnbogen hatt verdsrekorden i Guinness rekordbok.

LES OGSÅ: Vêret gjer oss musikalske