Ti år med applaudert kompromissløyse
Sidan 2008 og EP-en «Acid Blues» har The Megaphonic Thrift (TMT) for alvor posisjonert seg som eit av Noreg sine beste støy-/alternativband.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Stjernekokkar spelar platene våre på repeat
I desse dagar feirar bandet The Megaphonic Thrift ti år. Det feirar dei med to nye utgivingar, ei med andre artistar sine tolkingar av deira låtar, og ei plate med tidlegare uutgitt materiale.
Tolka av andre artistar
I 2016 tok bandet med seg heim Spellemannprisen for Årets Indie Album for sin tredje fullengdar «Sun Stare Sound», og i år bikkar bandet altså tiårsmilepælen.
– Gratulerer med tiårsjubileum! Kva er planen og vegen vidare etter feiringa på Landmark (Bergen) som var 6.april?
– Takk! Planen vår er å fortsette å lage kompromisslaus musikk, gi ut gjennomtenkte, gode album og blåse litt tryner i ny og ne med liveshowa våre. Me har ingen ambisjonar om å ta over verda, men me har eit stort behov for å halde liv i råskapen i den norske undergrunnen.
– Korleis har det vore å gi ut «Få meg fra verden i tide» – med andre sine tolkingar av dykkar eige materiale?
– Det er ekstremt spanande å høyre korleis andre tolkar, vrir og vender på musikken vår, og det er ei ære at alle desse fantastiske produsentane og musikarane hadde lyst til å bidra.
– Har de ein favorittlåt på albumet?
– Alle i bandet har kvar sine favorittar, men me kan samlast om at Evigheten sin versjon av Romreisen – som er meir ein remake enn ein remix – er høgt oppe på lista.
– Og korleis har det vore å arbeide med «10 Years of Deconstruction» – og å gå gjennom så mange år med uutgitt materiale?
– Fredrik (trommeslagar) tok på seg jobben med å gå gjennom 5-6 gamle harddiskar som me fann rundt omkring i gamle flyttekasser og kommodar. Alle var stappfulle og totalt uorganiserte, så han brukte ein del timar på å grave fram gullet. Det var mange låtar me hadde gløymt eksisterte og som me i dag ikkje kan skjøne kvifor me skrota. 10 Years of Deconstruction fungerer ypparleg som ei slags musikalsk tidsreise gjennom TMT si karriere, der ein går kronologisk bakover i tid, og heile vegen tydeleg kan høyre korleis ulike tendensar pregar lydbiletet.
Gjer som dei har lyst til
Med base i Bergen har bandet gjort mange turnéar, i både inn- og utland. Og har mellom anna varma opp for Band of Horses og sine eigne favorittar i Dinosaur Jr.
– 10 år som band må ha gitt mange minner – har de eit favorittminne å dele?
– Eit av favorittminna må vere då me turnerte med Dinosaur Jr. Me var ein tolleg starstruck gjeng backstage, med ein lettare sosialt ubekvem J Mascis (frontfigur i Dinosaur Jr.); det einaste emnet me klarte å engasjere han i var håplause desibel-reglement på scener i Europa.
– Kva tenkjer de om det musikalske klimaet i Noreg, og kva er dykkar plass i det?
– Musikk frå Noreg er i vinden om dagen, og me syns det er utruleg kult at så mange norske artistar og band gjer det så bra internasjonalt! No er det vel gjerne den mest kommersielle popmusikken ein høyrer mest om, men under overflata boblar det over i nye, feite indie-prosjekt, som mellom andre Great News, Aiming for Enrike, Nylenda og så bortetter. The Megaphonic Thrift sin plass i det musikalske klimaet i Noreg er vel oppe på eit iskaldt, snøfylt og solrikt fjell – kor me har ein ganske unik posisjon og kan gjere kva enn me har lyst til. Kanskje trå opp nye løyper, eller gå i heltane våre sine fotspor…
– Og til sist, kva er det som gir dykk motivasjon og inspirasjon til å fortsette å lage musikk?
– Me hentar ofte inspirasjon når me er på reise, og når vener og folk rundt oss skapar god musikk og kunst blir me også ekstra gira. Det som motiverer oss aller mest er nok menneska som lyttar til musikken vår. Me høyrer om stjernekokkar som speler platene våre på repeat på kjøkkenet, me les mail frå ungdom som fortel kva for ein av låtane våre dei hadde sex til for første gongen, designerar bruker musikken vår på catwalken, og idrettsfolk fortel kva låtar som funkar best å springe til.
Det er med andre ord berre å halde forventingane varme for kva som ventar rundt neste sving for TMT, og neste æra for deira kompromisslause musikk og leiarposisjon i norsk undergrunn.