Winnie Madikizela-Mandela – endeleg får ho kvile

Dubie Toa-Kwapong
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange vil nyansera bildet av Winnie Madikizela-Mandela

Winnie Madikizela-Mandela har døydd etter ein lang sjukdom. Ho blei 81 år gamal. Sidan dødsfallet hennar vart bekrefta har sørafrikanarar, særleg dei som levde gjennom apartheid, byrja å samle og legge ut artiklar, videoar og anna informasjon for å heidre Winnie.

Mange meiner at ho har blitt behandla dårleg av vestlege medium, mala som ein valdeleg, vondskapsfull motpart til den nesten julenisseaktige framstillinga av eksmannen hennar, Nelson Mandela. Dei legg ut denne informasjon på sosiale medieplattformar som Twitter og Instagram slik at dagens unge, den såkalla «born-free»-generasjonen, kan få lære den fulle, nyanserte historia om den viktigaste kvinna i moderne sørafrikansk historie.

Omstridd

Kva veit dagens ungdommar om Winnie Madikizela-Mandela?

Dei hugsar ho nok best som kona til Nelson Mandela. Namnet hennar kallar mogleg til minne det berømte biletet av dei to saman etter han blei lauslaten frå fengsel, knyttnevar i vêret og smil om munnen. Dei veit kanskje om den bitre skilsmissa i 1992, og skuldingane om at Winnie hadde vore utru mot Nelson medan han var fengsla på Robben Island.

Nokre har kanskje sett ein videosnutt frå sannings- og forsoningskommisjonen i 1996, då erkebiskop Desmond Tutu oppfordra ho til å be om orsak for ting som i hans ord «gjekk gale» under kampen for fridom frå apartheid.

Winnie svara: «I’m not sorry. I will never be sorry. I would do everything again if I had to.»

Gifta seg ikkje med mannen, men med kampen

Winnie vart fødd Nomzamo Winifred Zanyiwe Madikizela i bygda eMbongwen i den austlege delen av Sør Afrika. Familien hennar tilhøyra Xhosa-folkegruppa. Ho vart utdanna som sosialarbeidar ved Jan H. Hofmyr School of Social Work, den fyrste institusjonen som tok i mot svarte sosialarbeidsstudentar i Sør-Afrika, og seinare University of Witwaterstrand.

I 1956 trefte 22 år gamle Winnie ein advokat og aktivist med namnet Nelson Mandela ved ein busshaldeplass. Han var allereie gift med tre barn. Nelson skilde seg frå kona, og to år seinare var han og Winnie gift. Det same året sa ho: «eg gifta ikkje meg med mannen, men med kampen».

Skulptøren Alberto Chissano (høgre) med Nelson og Winnie Mandela og dottera hans i hans eige galleri i Mosambik. Foto: Wikipedia

Winnie og Nelson fekk lite tid saman. I 1964 vart han dømt til livstid i fengsel. Han tilbrakte dei fylgjande 27 åra på Robben Island. Winnie blei etterlaten med to små barn, Zindziswa and Zenani.

Ofte fengsla – tvungen i eksil

Snart merka apartheidregimet at ho var like, om ikkje meir revolusjonær, enn mannen sin. Ho vart rutinemessig fengsla, torturert og overvaka. Dei fyrste ti åra Nelson var fengsla fekk ho berre besøkje han ein gong.

Frå 1969 vart ho fengsla og isolert ved Pretoria Central Prison i 18 månadar. Frå 1977 til 1984 vart ho skild frå døtrene og tvungen i eksil i byen Brandfort. Ho fekk ikkje lov til å forlate området utanom då ho skulle besøkje Nelson på Robben Island. Trass i dette heldt ho fram med frigjeringsarbeidet. Ho opna klinikkar, organiserte protestar og var aktiv i African National Congress (ANC), partiet ektemannen òg var ein del av. Ho etablerte seg som aktivist på sjølvstendig grunnlag.

Blei sett på som meir radikal

Perioden med fengsling, tortur, og overvaking hadde stor verknad på Winnie. Di meir aktiv Winnie blei i rørsla, di meir psykisk og fysisk vald ho vart utsett for. Og di meir vald ho vart utsett for, di hardare jobba ho. Kvite sørafrikanarar såg på ho som stadig meir radikal. Tidlegare hadde dei sett ho som den vakre, elegante og audmjuke kona til Nelson Mandela, som på den tid var sett på som ein terrorist. Ho mista den knappe medkjensla ho hadde hatt frå dei.

Det hjeplte ikkje då ho i 1986 ga ein tale og sa: «vi har ikkje pistolar – vi har berre steinar, fyrstikkøskjer og bensin. Saman, hand i hand, med våre fyrstikkøskjer og våre halskjeder skal vi frigjere dette landet.» Halskjeder i denne samanheng viste til å henge ein bensinfylt bildekk rundt halsen på ein person som vart anten avsløra eller mistenkt for å vere ein informant.

Falsk mordklage

Ikkje lenge etter dette vart ho skulda for å ha organisert drapet på 14 år gamle Stompie Seipei. Seinare vart det avslørt at det var tryggleiksvakten hennar, Jerry Richardson, som stod bak mordet. Richardson var ein informant. Stompie hadde funne det ut, og Richardson tok livet av han for å dekke spora sine.

Denne hendinga blei brukt av informasjonsavdelinga i apartheidregimet, Stratcom, til å skape konflikt i ANC og blant svarte sørafrikanarar. Mange tok avstand frå Winnie. Nokre kollegaer i ANC såg dette som eit høve for å redusere makta og posisjonen hennar i partiet. Ho vart stadig meir isolert. Og som resultat har mykje av historia og arbeidet hamna i gløymeboka.

Winnie Mandela i 2014. Foto: Superikonoskop, CC BY-SA 3.0-lisens

Ikkje feilfri – men utan tvil ein helt

Over dei 27 åra Nelson Mandela sat fengsla på Robben Island vart han aldri gløymd. Kampen for frigjeringa av Sør-Afrika si urbefolking stoppa heller ikkje. Dette hadde ikkje vore mogleg utan Winnie Mandela og andre aktivistar som heldt namnet hans i live og haldt fram med å slost for sjela til landet.

Likevel har Winnie blitt mala som «kontroversiell», «vanskeleg» og «bøllete». Dette fordi ho nekta å godta det Martin Luther King Jr. kalla «ein negativ fred». Ho kritiserte sannheits- og forsoningskommisjonen som reint symbolsk, og stilte spørsmål til kva praktisk og positiv verknad den kom til å ha for den alminnelege svarte sørafrikanar. Ho nekta å sitte i skuggen til Nelson Mandela og gå ned i historia som kona hans, men kravde å bli anerkjend som den smarte, dyktige fredsforkjemparen ho sjølv var. Ho nekta å bli tvungen til å tilgi då ho ikkje følte seg klar til det.

Winnie var ikkje feilfri, men det bør ikkje vere noko tvil om at ho var ein helt.

Får endeleg kvile

I ein artikkel i The Guardian minner skribent, Afua Hirsh om at det ikkje var fredfull protest som enda apartheid, men revolusjonære som Winnie Mandela. Som Hirsch seier bør det ikkje vere vanskeleg å velje mellom eit system bygd på rasebasert hat, og ein person som jobba heile livet sitt for å øydelegge dette umenneskelege og urettferdige systemet. Om og om att, har verda valt systemet over Winnie. Endeleg får ho no kvile.

Eg avsluttar med ein hyllast min far skreiv til Winnie:

“A great tree has fallen in the African forest of freedom. She is and will remain an icon of the struggle for the freedom of the African continent – a fearless and dedicated woman who kept the name of her husband and the liberation struggle alive when it was not fashionable to be resist injustice and oppression. A heroine on the same level of greatness as her husband, Madiba Nelson Mandela, who said:

‘When a (wo)man has done what (s)he considers to be [her] duty to [her] people and [her] country, [she] can rest in peace.’ Our dear Winnie Madikizela-Mandela – you have done your duty.

Rest in peace and sleep well.

We will miss you. We salute you!”