– Utdanning er det viktigaste våpenet viss me vil oppnå forandring i verda

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mandela som 19-åring

Nelson Rolihlahla Mandela (18. juli 1918–5. desember 2013) var ein av dei førande anti-apartheid-aktivistane i Sør-Afrika og var den første svarte presidenten i landet, 1994–1999. Han fekk Nobels fredspris i 1993, saman med Sør-Afrika sin dåverande president Frederik Willem de Klerk.

Rolihlahla Mandela vart fødd i Qunu i Transkei. I ein alder av sju år vart han den første i sin familie som gjekk på skule, der ein metodistisk lærar gav han det engelske namnet «Nelson». Far hans døydde kort tid etter mens Mandela gjekk på ein wesleyansk misjonsskule ved regentpalasset. Etter Xhosa-skikk gjekk han gjennom eit manndomsritual med omskjering i ein alder av 16 år. Han begynte etter dette på Clarkebury kostskule, der han lærte om den vestlege kulturen. Han fekk sin Junior Certificate-eksamen etter to år, mot normalt tre.

Som 19-åring, i 1934, skifta Mandela til Wesleyan College i Fort Beaufort, der dei fleste kongelege frå Thembu-stammen gjekk. Etter å ha vorte immatrikulert, begynte han på ein bachelorgrad ved Universitetet i Fort Hare. Her møtte han Oliver Tambo, som vart ein venn og kollega for livet.

I slutten av det første året sitt vart han involvert i studentrådet sin boikott av universitetsreglane, og måtte etter det fare frå Fort Hare. Han drog til Johannesburg, og avslutta baccalaurusgraden sin ved Sør-Afrika-universitetet (UNISA), og begynte etter dette å studera jus ved Wits-universitetet.

Grunnla ungdomsforbund
Som ung jusstudent vart Mandela involvert i den politiske motstanden mot det kvite mindretalstyret, som nekta å gi politiske, sosiale og økonomiske rettar til det svarte fleirtalet. Han vart medlem av African National Congress (ANC) i 1942, og grunnla Youth League (ungdomsforbundet) to år seinare saman med Walter Sisulu, Oliver Tambo og andre.

Sjølv om dei opphavleg støtta ein ikkje-valdeleg kamp og vart frikjende i landssvikssaka frå 1956–61, aksepterte Mandela og kollegaene hans at det var nødvendig med væpna kamp etter nedskytinga av uvæpna demonstrantar i Sharpeville i mars 1960, og det påfølgjande forbodet mot ANC og andre anti-apartheid-grupper.

I 1961 vart Mandela leiar av ANC si væpna fløy Umkhonto we Sizwe («Nasjonen sitt spyd»), og i august 1962 vart han arrestert og fengsla i fem år for ulovlege utanlandsreiser og oppfordring til streik. I juni 1964 vart han dømd igjen, denne gongen på livstid, for å ha deltatt i planlegging av væpna kamp.

Etter å ha avslått å bli sett fri mot å ta avstand frå væpna kamp i februar 1985, vart Mandela verande i fengsel til februar 1990, da vedvarande kampanjar frå ANC og internasjonalt press førte til frigivinga den 11. februar etter ordre frå president Frederik Willem de Klerk, som samtidig oppheva forbodet mot ANC. Mandela og Klerk fekk saman Nobels fredspris i 1993.

Mandela sa dette om tida i fengsel:

– Eg lærte at mot ikkje var fråvere av frykt, men sigeren over den. Den modige er ikkje den som ikkje føler seg redd, men den som sigrar over frykta.

Frå fangecella til Nelson Mandela på Robben Island. Foto: Paul Mannix/Wikipedia/CC-lisens

Første svarte president
Som president for ANC frå juli 1991 til desember 1997, og den første svarte presidenten i Sør-Afrika mai 1994 til juni 1999, hadde Mandela det overordna ansvaret for overgangen frå mindretalsstyre og apartheid, og han oppnådde internasjonal respekt for å tala for nasjonal og internasjonal forsoning.

– Viss du vil inngå fred med fienden din, må du arbeida saman med fienden din. Då vil han bli partneren din, er eit kjent sitat frå Mandela.

LES OGSÅ: Ei tikkande bombe

Kontrovers
Trass det store forsoningsarbeidet hans, er det fleire som er skuffa over manglande sosiale forandringar i regjeringstida hans, mellom anna regjeringa sin ineffektivitet i forsøket på å hemme utbreiinga av AIDS. Mandela vart òg kritisert i visse krinsar for vennskapen sin med diktatorar som Cubas Fidel Castro og Libyas Muammar Al Gadhafi, som hadde støtta han i kampen mot apartheid, og som han kalla «våpenbrør». Avgjerda hans om å bruka sørafrikanske troppar til å slå ned kuppet i 1998 i Lesotho er òg eit kontroversielt emne.

Mandela stod oppført på USA si terrorliste fram til 2008.

Då han i 1999 gjekk av som president, vart Mandela talsmann for fleire ulike sosiale organisasjonar og menneskerettsorganisasjonar. I 2003 fordømte Mandela George W. Bush sin utanrikspolitikk. Seinare same året støtta han 46 664 AIDS-pengeinnsamlingskampanjen, namngitt etter fangenummeret hans.

Les meir om han på Wikipedia (nynorsk) og (engelsk) og Snl.no!

Les fleire saker frå Sør-Afrika her!