KrF med lågaste oppslutnad på NRK-måling gjennom tidene
KrF fell som ein stein og får ei rekordlåg oppslutning på 3,2 prosent på ei ny meiningsmåling for NRK.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ei nedgang på 0,7 prosentpoeng frå førre Norstat-måling, ifølgje NRK.
KrF ville fått to stortingsrepresentantar, mot åtte slik ein har i dag, dersom denne målinga hadde vore eit valresultat.
Samtidig noterer Senterpartiet seg for ein oppslutnad på heile 12,3 prosent, ein framgang på 1,1 prosentpoeng.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum trur framgangen kjem av at partiet er oppteken av både store og små saker som betyr noko i liva til folk. Han rår til at KrF tek til å seia kva dei meiner.
Dei borgarlege partia beheld fleirtalet i denne målinga. Høgre er det største partiet med 27,4 prosents oppslutnad (-1,5 prosentpoeng), Frp går fram til 15,0 prosent (+1,9), mens Venstre går fram 0,5 prosentpoeng til 4,3 prosent.
Arbeidarpartiet går fram til 23,3 prosent (+0,9), SV får 7 prosents oppslutnad (-1,6), Raudt 3,2 (+0,3) og Miljøpartiet Dei Grøne 2,8 prosent (-0,9). (©NPK)