Kraftig nedgang i talet på unge trafikkdrepne

Unge menn har tradisjonelt utmerkt seg på dødsstatistikken på norske vegar. No går talet på unge trafikkoffer bratt nedover.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor var det historisk få dødsulykker på norske vegar. 107 personar mista livet, og det var det lågaste talet på 70 år. Samtidig fell også delen unge trafikkdrepne. I fjor mista 13 unge mellom 16 og 24 år livet i trafikken. I 2008 var talet 67.

Om ein samanliknar perioden frå 2008 til 2012 og åra mellom 2013 og 2017 er talet på trafikkoffer i alderen 16 til 24 år nesten halvert, melder NRK

– Det er ein nedgang på meir enn to tredelar i talet drepne i alderen 15 til 24 år dei siste 15 åra, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen til NRK.

Han meiner det er mange grunner til den positive utviklinga.

– Betre føraropplæring, ei positiv haldningsendring blant ungdommen og at bilane som unge køyrer er tryggare enn det dei var for 10–20 år sidan, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Vi er veldig glade i dykk, og har ingen å mista