Oljefondet vaks med over 1000 milliardar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsrapporten for oljefondet vart lagt fram i Noregs Bank tysdag. Der går det fram at Oljefondet fekk ei rekordavkasting på 13,7 prosent i 2017.

– Hovudstyret er tilfreds med at avkastinga både i 2017 og over tid har vore god og høgare enn avkasting på referanseindeksen, seier leiaren for hovudstyret i Noregs Bank, Øystein Olsen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil stramma inn handlingsregelen endå meir

Aksjeinvesteringane gav mest avkasting, 19,4 prosent. Unoterte eigedomsinvesteringar fekk ei avkasting på 7,5 prosent, mens avkastinga på renteinvesteringane var 3,3 prosent.

Fondet utgjorde totalt 8488 milliardar kroner ved slutten på 2017.

To tredjedelar var investert i aksjar, 2,6 prosent i unotert eigedom og 30,8 prosent i rentepapir. 4000 milliardar av Oljefondet skriv seg frå avkasting av fondet.

LES OGSÅ: Jublar over at Oljefondet vil ut av olje