Sogn og Fjordane og Hordaland samlar seg om «Vestland»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesutvalet i Hordaland har tidlegare vedteke det same.

– Vi må visa at vi står saman, skal gruppeleiar for Ap i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, ha uttalt før fylkesutvalet samla seg om vedtaket, ifylgje Firda.

Dei to fylka hadde eigentleg bestemt seg for å kalla det nye storfylket for «Vestlandet», men både Rogaland og Møre og Romsdal har reagert sterkt på dette.

Namnet «Vestland» skal ha blitt nemnt som eit alternativ då representantar for dei fire fylkeskommunane 19. januar møtte kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) om saka.

Språkrådet har derimot åtvara mot dette namnet.

– «Vestland» er eit endå dårlegare alternativ enn «Vestlandet», sa språkdirektør Åse Wetås til Bergens Tidende tidlegare denne månaden.

No er det opp til Stortinget å avgjera kva det nye storfylket skal heita. Denne avgjerda er venta før sommaren, men Mæland vil rundt påsketider leggja fram ei tilråding, skriv Firda.(©NPK)

LES OGSÅ: Vestland er endå verre enn Vestlandet