10 fantastiske songar frå filmverda

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Film og musikk utfyllar kvarandre. Nokre songar gjer filmopplevinga hundre gongar betre, og songen festar seg så mykje at du vil søke han opp. Akkurat sånn gjorde eg med desse ti songane! Håpar du får plukka med deg nokre tips.

  1. Traileren til Stranger Things 2

Denne songen utgjer musikken til trailer for sesong to, og vekte i alle fall mi interesse! Uansett kva musikksmak du har, trur eg du kan like denne:

https://youtu.be/yJY4fsOkfnA

Musikk: Michael Stein og Kyle Dixon/ Survive.

2. Deliver Us, The Prince of Egypt

Dette meisterverket av ein film frå 1998 har eit heilt utruleg bra soundtrack. Men mens alle digga «When you Believe» av Mariah Carey og Whitney Houston, var det heilt andre låtar som møtte mi merksemd. Deliver Us er min absolutte favorittsong, og vokalen frå Ofra Haza er heilt fantastisk. Musikk: Hans Zimmer

https://youtu.be/3WKN0XF8-3Q

3. Doomsday, Doctor Who

Som ihuga Doctor Who-fan begynte eg å grine av å sjå Rose forlate doktoren i episoden Doomsday. Songen er like mektig som episoden:

Musikk: Murray Gold

4. Priscillas song, The Witcher 3

Ok, så denne songen er ikkje frå filmuniverset, men frå spelet The Witcher 3. Likevel er det ein song som har blitt godt kjent og til og med omset til fleire språk. Musikk: Marcin Przybyłowicz

5. Davy Jones, Pirates of the Caribbean

For å vere ærleg fell eg av Pirates-serien, men eg gløymer ikkje denne songen. Musikk: Hans Zimmer

6. The Misty Mountains Cold, Hobbiten

Kven kan ikkje like denne mørke og djupe a-capella songen? Perfekt filmmusikk til ei fantasy-historie, spør du meg. Musikk: Howard Shore

7. Outside the Realm av Big Giant Circles, feat Ashly Burch og Malukah, Stranger Things

Er du like hekta på Stranger Things som meg, fekk du sikkert med deg denne eventyrlege songen. Låten kjem frå scena der Eleven og Eight blir betre kjent med kvarandre.

8. Madame de Pompadour, Doctor Who

Dette må vere den vakraste songen som nokon gong har eksistert. Saman med den triste historia i episoden med same namn, er det til å grine av. Eg vil at denne songen skal bli spelt i bryllaupet mitt, gravferda mi, ja alt. Kort fortalt: Doktoren møter Madame de Pompadour fleire gongar gjennom livet hennar, og som barn trur ho at han er ein fantasiperson. Så møter dei kvarandre i vaksen alder, og blir forelska.. men det tar ikkje lang tid før problema byrjar.

Musikk: Murray Gold

9. The Chess game, Harry Potter og de vises stein

Harry Potter-soundtracked er så som så, men akkurat The Chess Game gir meg frysningar. Det er så mange gnisningar og så mykje som skjer her, og samstundes ser eg for meg Ronny risikere livet på det store sjakkbrettet. Rett og slett magisk! Musikk: John Williams

10. Evacuating London, Narnia. Løven, heksa og garderobeskapet

Denne songen er både humørspreiande og inspirerande. Den er perfekt til jobbetur i skogen. Då vil du garantert kjenne på gleda ved livet. Prøv det! Musikk: Harry Gregson-Williams