For naturen vil til slutt ta oss, naturen er utålmodig. Ho har blitt jaga ned før

Denne låten er ei lita bok av historier.

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: Buoy av The Joy Formidable

Ein dag kom typen heim frå ei filmvising og sa: «Det er ein song du må høyre, som eg trur du vil like.» Han hadde sett ein snowboardfilm der Buoy var ein av songane på soundtracket, og undersøkt bandet etterpå.

Låten starta roleg, og eg var spent på kva som kom.

All the things you like

Guided by their charms

Behind them safely store

Wrap your greedy arms around them all

Denne mystiske teksten høyrer til eit mystisk band med ein mystisk tittel. Kva «buoy» er veit eg ikkje (og eg klarer aldri å hugse tittelen på låten når eg googlar han på nettet). Men eg tolkar dette første verset som ein kritikk mot materialismen, og saman med neste vers tenker eg litt på egoismen og dumskapen i mennesket:

Sail don’t try to steer just sail

You can be hell of a force with the button to a broken man

Eg veit ikkje kvifor, men eg tenkte med ein gong på Donald Trump og atom-knappen når eg høyrte dette. Trump som styrer ei skute utan ei retning. Låten kom ut før Trump vart president, men «mannen med atomknappen» kan jo også vere visse andre menn med makt i verda.

Because

You know I’m impatient

I’ve been hounded down before

The diving bell keeps surfacing

It doesn’t ring anymore

Det eg liker med denne songen, er dei ulike forteljingane i teksten og variasjonane i det musikalske. Koringa, effektane og temposkiftet skapar ein interessant låt. Tempoet og kraften i songen gjer han perfekt for treningsmusikk (tilrådes til tunge armhevingar). I tillegg har eg ei forkjærleik for rockemusikk med kvinneleg vokal.

The grasping is hand is never full

And the perfect life is just damaged goods

And you should have talked and you should talk too

Because in twenty years you’ll be a mute

Kanskje handlar låten om det grådige i mennesket, og korleis vi alltid vil ha meir, men at det perfekte ikkje er nytt, men derimot «brukt.» Dette burde vi ha snakka imot, men vi snakka ikkje, og derfor dør vi. For naturen vil til slutt ta oss, naturen er utålmodig. Ho har blitt jaga ned før.

Kanskje er det vi som er i dykkerklokka, og aldri kjem oss ut?

Fakta The Joy Formidable

  • Alternativt rockeband frå Wales som starta i 2007
  • Låten Buoy kjem frå debutalbumet The Big Roar (2011)
  • Bandet består av Rhiannon “Ritzy” Bryan på vokal og gitar, Rhydian Dafydd (bass, vokal) og Matthew James Thomas.
  • Bandet har gitt ut tre album: The Big Roar, Wolf´s Law (2013) og Hitch (2016).