Ferrante og Eikemo på Samlaget i vår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elena Ferrante-fansen treng ikkje vente lenge. «Kvelande kjærleik» heiter siste stikk frå bestseljarforfattaren på norsk, og omsettinga er det Kristin Sørsdal som står for.

Boka, som kjem i sal i februar, er ifølgje forlaget den aller første romanen til forfattaren.

Eikemo og Kvæven

Marit Eikemo slepper boka «Gratis og uforpliktande verdivurdering», som tar oss med inn i prosessen rundt eit huskjøp. Boka er venta i april.

Det blir også lova nytt frå Tore Kvæven, mannen bak det episke romanverket «Hard er mitt lands lov». No kjem det ein ny historisk roman, og denne ber tittelen «Når landet mørknar».

Kalenderen viser 1293 når vi møter den unge kvalrossjegeren Agnar, som drøymer om ein betre framtid. Boka kjem i mars, melder forlaget.

Tora Seljebø slepper «Huset på prærien» i februar, som tematiserer korleis lengselen etter å bli sett kan føre med seg noko katastrofalt.

To debutantar

Spennande høyrest også debutant Gjertrud Langvas roman «Vi spring ikkje slik vi sprang» ut. Boka kjem i februar og handlar om eit søskenpar som vaknar opp ein dag – berre for å oppdage at foreldra er sporlaust borte.

– Langvas særeigne univers ber spor av eventyr og fablar, melder Samlaget.

I februar får vi også stifte kjennskap med debutant Mads Rage som slepper «Og skipet siglar vidare». Handlinga her er lagt til ei postapokalyptisk tid.

Sjå vårlista her!

(©NPK)