Kamelar diska etter botox-bruk

Christian Wiik Gjerde
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er NRK.no som omtalar dette etter at nyheitsbyrået Reuters skreiv om det.

Det er ein årleg kamelfestival som held til utanfor hovedstaden Riyadh i Saudi-Arabia..

Nokre av høgdepunkta er utstilling, kapplaup og skjønnheitskonkurranse med kamelane. Premiepotten er på 450 millionar kroner. Av dei er 250 millionar satt av til skjønnheitskonkurransen.

LES SISTE DYRENYTT HER!

Freistinga blei truleg for stor for nokre av kameleigarane, for 12 dyr blei diskvalifisert fordi eigarane hadde prøvd å gjere dei finare ved hjelp av botox i leppene.

Det er strenge reglar som seier at kamelar som har medikament i lepper, er barbert, farga eller endra frå si opprinnelege form er ikkje tillat.

Saka vart først publisert på Framtidajunior.no!

Fakta: Botox

Botox er eit nervegiftig protein som blir benytta til å behandle muskelkramper. Det er óg nokon som sprøyter botox i leppene for å få dei til å verke større eller til å fjerne rynker.

Botox er giftig, men det skal mykje til for at det skal bli dødeleg.