Bondestudentar – i Mountsfield Park


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Utanfor står ein bil frå Metropolitan Police. Han hentar ein som naska på butikken, frå stoveglaset såg me kva som hende, elles er det stilt her. Kven skulle tru at dette er London me las om, besøkte og tenkte at her vil me bu.

Me bur her no – sidan måndag. Alt er opp til oss, sidan måndag. Før kunne eg klaga på at Oslo var for lite, at miljøet ikkje var der, at byen mangla gneist. No er det min tur.

Min tur å syne dei kva eg er verd, min tur å arbeide nok til å lukkast, min tur å halde på trui til alle dei vegar som finst har blitt gått og eg framleis manglar sko.

Kjensla av at dette er ein ferie forsvann den tredje dagen. Sigande kom i staden røynsla av å starte oppatt; nye kassadamer eg kan helse på, nye landemerkje eg må sjå etter, å skanna maten sjølv når eg er på butikken, å finne nye folk å stole på; Jacky i banken, Tony på posten og han på The Loft som hugsar så godt og alltid har noko til meg.

Nett som den fyrste tidi i Oslo byggjer eg lag på lag med menneske eg kjenner, dei som eg kan helse på, dei som eg kan klemme; english style og french style (kyss på båe kjakane).

I parken der me bur finst ein grøn kontainar. Utanfor står, med kritt på tavle, Stainton Tea Room, Specials; triple deck chicken club side salad kettle chips smoked salmon cream chesse burgers hot dogs crusty bread and fresh cut sandwiches.

Me sit og ser på borni spela ball. Joggarar, foreldre, ungkarane sit ved bordet, slik dei sikkert gjer kvar dag dei ikkje jobbar; et kake, let seg underhalde når den unge servitrisa set seg ned og går av vakt. Ingen bilar høyrest her, ikkje eit spor av trafikklys, sirener, butikkar, metropolis finn du i Mountsfield Park.

Her kan eg bu. I parken, liggje flat på ryggen, lesa, sova, kysse, eta, tusle heim når regnet kjem, koke te og steikje egg, leggje oss når Tesco stengjer, somne mjukt i blomemønstra dyner heilt til posten kjem, i morgon.