– Dette vart større enn eg trudde, seier den gråhåra sogningen som på under eit halvt døgn er sett av seks millionar kinesarar – fordi han spelar i musikkvideoen til popidolet Wang Yuan.
NPK-NTB
NPK-NTB

Superstjerna, som blir kalla «Kinas Justin Bieber» og frontar boybandet TFBoys, spelte inn tre musikkvideoar på Vestlandet tidlegare i januar, og skapte stort oppstuss, melder NRK Hordaland.

Onsdag ettermiddag vart den første musikkvideoen – til låten «Seventeen» – sleppt på sosiale medium, der Wang Yuan har 34 millionar følgjarar. På eit døgn hadde den blitt vist 6 millionar gonger.

Det er i ein scene på Flåmsbana at Alf Sigurd Strømsnes frå Aurland gjer sin skodespelarinnsats der han sit på setet vis-à-vis Wang Yuan – og oppfordrar han til å «ta si tid og følgje sitt hjarte» på engelsk.

– Mange får sett fin natur, kjekke folk og høyre fin musikk, seier sogningen om resultatet, som ifølgje NRK er «smekkfullt av idylliske vestlandsmotiv».

Noregsbesøket til superstjerna kom som resultat av eit samarbeid med Innovasjon Norge og fleire vestlandske turistaktørar. Håpet er at fleire av dei 1,4 milliardar kinesarane skal få auga opp for Noreg som reisemål vinterstid. Allereie står over 12 millionar kinesarar på ski, og interessa aukar no som vinter-OL i Beijing i 2022 nærmar seg – med 20 prosent i året.

Blant anna var Kari Traa personleg skiguide for Yuan Wang då han besøkte ein av innspelingsstadane, Myrkdalen. Også Bergen og Flåm blir å sjå.

Dei neste to videoane blir sleppte 31. januar og 7. februar, ifølgje Innovasjon Norge.

Kommentarar

ANNONSE