I desember hausta Tine mykje kritikk for å ha ein ulv avbilda på mjølkekartongen. No er dei i hardt vêr igjen. Denne gongen er det knytt til avbilding av og informasjon om kornsirklar på skulemjølkkartongar.
Nynorsk Pressekontor

Det var Norsk landbruk som først omtalte saka.

«Kornsirkler er et fenomen som kan oppstå i åkeren. Kornsirkler dannes når felt av kornet på uforklarleg vis legger seg ned slik at det dannes geometriske mønstre.» Står det på dei nye skulemjølkkartongane til Tine.

– Dette er like alvorleg som at det står feil i skulebøker. Når Tine som kommersiell aktør får innpass i klasserommet og i tillegg då vel å sette informasjon på mjølkekartongen, så bør dei vere strengare på kva informasjon dei kjem med. Dei har eit samfunnsansvar i at den informasjonen er korrekt, seier ein av skeptikarane Christoffer Lorang Dahl, som la ut eit kritisk innlegg på Facebook-sidene til Tine, til NRK.

Kornsirklar er namnet på det fenomenet at planter eller korn i ein åker ligg nede, som oftast i geometrisk formasjon. I vitskapelege kretsar er det brei semje om at dei er menneskeskapte.

Oppdatert: fredag 26. januar 2018 10.47
ANNONSE