Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 21:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magasinett arrangerer nok ein gong skrivekonkurranse for unge mellom 15 og 19 år. Temaet denne gongen er våren. For å delta i skrivekonkurransen må du først lese teksten Gode råd når våren kjem av Ragnar Hovland.

Med denne teksten i bakhovudet skal du sjølv fabulere litt om dette med våren, kva våren gjer med oss og korleis den påverkar kjenslene. Du står ganske fritt til å løyse dette slik du ønskjer. Kanskje skriv du ein humoristisk tekst, slik Hovland gjer. Eller kanskje blir det ei romantisk historie. Kanskje er våren også tida for miljøengasjement eller for skummelt drama.

Reglar for deltaking er:
Du må skrive ei forteljing eller ei novelle, ikkje eit foredrag, eit dikt eller liknande.
Du må skrive minimum 600 ord og maksimum 2500 ord.
Du må vere mellom 15 og 19 år for å delta.
Du kan skrive på nynorsk eller bokmål. Ikkje engelsk denne gongen 😉
Novella må vere på plass hjå Magasinett innan 1. juni 2009 kl. 23.59.
Du må oppgi fullt namn, alder og adresse for å vere med.

Slik sender du inn:
Aller helst vil vi at du sender inn bidraget ditt digitalt:
Anten som e-post til post@magasinett.no – i emnefeltet skriv du: Skrivekløe
– eller du kan sende den inn i kontaktskjemaet vårt. Fyll inn namn, epostadresse, skriv Skrivekløe i emnefeltet og lim inn teksten din i feltet som heiter Melding.

Juryen:

   

 

Forfattarane Helga G. Eriksen og Jon Ewo har båe skrive ei rekkje bøker for ungdom (og barn og vaksne, for den del). Helga G. Eriksen er frå Stord i Hordaland og har vunne fleire prisar for bøkene sine, seinast Samlagsprisen 2009 – ein pris som går til forfattarar som utfordrar lesarar i alle aldrar. Jon Ewo er frå Oslo og har skrive bøker sidan 1986. Han fekk nett Lølandstipendet som går til forfattarar som skriv for barn og unge.

 

Til saman har Helga og Jon ein utruleg kompetanse på dette med å skrive for ungdom, så dei veit kva dei gjer når dei i juni skal kåre ein vinnar av denne konkurransen!

 

Helga Gunerius Eriksen på nett
Helga Gunerius Eriksen i forfattarpraten
Jon Ewo si heimeside

 

Premie:
Vi kårar ein vinnar som får eit digitalt kamera i valfri farge. I tillegg trekkjer vi ut to som får ein trøystegevinst kvar. Vi minner om fristen som er 1. juni 2009 klokka 23.59. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med oss på post@magasinett.no eller tlf 52 79 04 82.

Lykke til!