Solcellepanel i USA får 30 prosent toll av Trump

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solcellepanel og modular som vert importert frå andre land vil verta pålagd 30 prosent toll frå i dag og fire år framover. Tollen vert gradvis redusert til 15 prosent over dei fire åra. Tollen tillèt 2,5 gigawatt med lause solceller, utan toll kvart år, men berre det og ikkje heile solcellepanel, seier den amerikanske regjeringa i ei pressemelding.

Vedtaket vert venta å bremsa skiftet til fornybar energi i USA, og vart innført nett som solenergi vart konkurransedyktig med elektrisitet generert av fossile brensel som kol, ein industri som Trump har lova å verna tidlegare. Det er venta at avgjerda vil seinke reduksjonen av arbeidsplassar innan kol i landet.

MJ Shiao, leiaren for fornybar energi-forskinga til selskapet Wood Mackenzie, sa at prisane vil sannsynlegvis redusera talet på nye solcelleinstallasjonar i USA med 10-15 prosent dei neste fem åra.

Dei innanlandske produsentane av solcellepanel i USA, Suniva og SolarWorld, ynskte ein takst på 50 prosent. Desse har sagt at dei ikkje kan konkurrera med tilstrøyminga av billeg import, hovudsakleg frå kinesiske produsentar, noko som har ført til at solpanelprisene gjekk ned meir enn 30 prosent sidan tidleg 2016.

Solcellepanel

Solcellepanel gjev straum til mange vanlege hus langt frå straumnettet i i USA.
Foto: Takver/Flickr/CC-lisens.

Den amerikanske solhandelsgruppa Solar Energy Industries Association kjempa mot tollen og slo fast at vedtaket vil skapa ei “krise” for den veksande industrien og føra til tap av 23 000 amerikanske jobbar i år etter at milliardar av dollar i solinvesteringar sannsynlegvis vert kansellert.

Solcellepanel i Noreg?

Norske REC Silicon gjekk ned 1.6 prosent på børsen etter at vedtaket vart offentleg kjend, melder Hegnar.no. Fabrikken deira i Moses Lake i USA får redusert kapasitet etter innføringa av tollen.

Trina Solar, ein av dei største solpanelprodusentane Kina melde at selskapet ville ekspandere til Europa, Kina, Indonesia og India for å dekkje opp for tapet av sal til amerikanske kundar.