Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alder: 25
Har skrive: Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde (2005).

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Ofte berre ein penn og ei bok som eg eigentleg skulle ha brukt til noko anna, men også  datamaskina mi. Og så brukar eg folk rundt meg. Historier finst alle stader.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Nei, eg er nok litt maskulin på det området; eg klarer ikkje å konsentrere meg om meir enn ein ting om gongen, eg. Men ganske ofte er det musikk som gjer at eg får lyst til å skrive. Akkurat no virkar Odd Nordstoga litt på den måten – eg får skrivekløe når eg høyrer på han. Så då skrur eg av stakkars Odd, og skriv i staden for å høyre.

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer:

Ikkje ver så streng med deg sjølv. Ein skriv best når ein gjer det fordi ein har lyst!