Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fødd: 1977

Har skrive: Pitbull-Terje går amok, Pitbull-Terje og kampen mot barnevernet, Ingen kan stoppe meg no og Det tar ikke slutt. Skriv også filmmanus, blant anna til ”Pitbullterje”, som no er komme på DVD.

Kva hjelpemidlar har du glede/nytte av som forfattar:
Musikk, kaffe og nokre gongar ting og lukter som minnar meg om da eg var ung. Sånn som skoledagboka mi frå femteklasse, bilete frå gamle klasseturar, shampo, klasserom, gymgarderobar.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva:
Ja, ofte. Alt frå hip hop til jazz. Tungtvann, Klovner i kamp, Röyksopp, Nils Petter Molvær, Eminem. Lytta en del til Mozarts Requiem da eg skrev nokre av dei tyngste scenene i krigsromanen ”Det tar ikke slutt”.

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer:
Finn ei bok du har lest som du likte godt. Slå opp på ei tilfeldig side og finn ei setning du likar. Skrive ein tekst som startar med den setninga, og prøv å skrive på ein måte som liknar forfattaren. Prøv det med fleire forskjellige bøker og sjå kva som skjer. Blir det bra? Kva slags tekst blei best? Kanskje finn du på denne måten ein heilt spesiell måte å skrive på, som liknar litt på inspirasjonskjelda, men likevel er noko som er ditt eige.