

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fødd: 1962
Har skrive: Omtrent 25 bøker
Kva hjelpemiddel har du glede/nytte av som forfattar: Internett. Det er heilt nødvendig for meg, det meste av dei opplysningane eg treng finn eg der. Wikipedia er det aller nyttigaste.
Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva: Nei. Bruker fred og ro.
Ditt/dine gode råd eller tips til forfattarspirer: Konsentrer deg. Eg opplever stadig vekk ungdommar som fortel at dei ikkje klarer å finne på noko å skrive om og at det er så vanskeleg å få noko ned på papir eller skjerm. Sit du med TV på og samstundes har MSN oppe og skal svare på meldingar på mobilen, klarer du ikkje å halde på ein tanke så lenge at det kan bli litteratur ut av det.
Det å førestelle seg noko, sjå noko for seg og så setje ord på det du tenkjer, er kjelda til skrivekunst.
Konsentrasjon. Hugs det.
Bjørn Ingvaldsen har eiga heimeside her: Bjørn Ingvaldsens hjemmebane