”Kor store sjansar er det for å oppdage noko heilt essensielt om mennesket ved å reise til ein stad og berre sitje og observere folk i til dømes femti timar?”

Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svært liten, skulle ein kanskje tru. Men det er slik Agnes Ravatn startar boka ”Stillstand”: ved å sitje 50 timar på kafé i Ålesund og observere dei som sit på borda rundt ho. Gjennom Ravatn tjuvlyttar vi til middelaldrande venninnepar som kviskrar intenst saman, for så å hysje på kvarandre. Ein gjeng eldre herrar har møtt kvarandre kvar dag i 14 år på den same kafeen, og sluttar aldri å forbause seg over kva dei har sett og hørt sidan dagen før. Og Ravatn tenkjer: ”Kvifor må det absolutt vere slik, at mens mannfolka sit og held den frodige, flotte munnlege forteljetradisjonen i live, så sit damer berre og bablar og bablar i veg om ingenting?”

 

Stillstand
Tittel: Stillstand: Sivilisasjonskritikk på lågt nivå.
Forfattar: Agnes Ravatn
Forlag: Det Norske Samlaget, 2009

Det høyrest kanskje litt tamt ut. Agnes Ravatn fekk i oppdrag frå Dag og Tid-redaktør Svein Gjerdåker å lage ein serie reisereportasjar for avisa. Ravatn innrømmer i forordet til boka at ”det hadde eg ikkje så lyst til, særleg ikkje dersom det innebar å oppsøkje folk og snakke med dei, men av nervøsitet svarte eg likevel ja.” Men då redaktøren til slutt foreslo at ho berre kunne reise ein stad der det ikkje skjedde noko og skrive om det ho såg, var grunnlaget lagt. Det er desse 14 tekstane som no er samla i ”Stillstand”. Og boka er langt frå tam. ”Stillstand” er noko av det mest velskrive eg har lese på lenge.

Hovudgrunnen til at det funkar så godt, er at Ravatn utleverer seg sjølv like mykje som ho utleverer dei ho ser rundt seg. Samtidig ser ho humoren i dei små, kvardagslege episodane som det er så lett å oversjå. Sjølv om Ravatn framstår som ein litt uvillig observatør med ein solid dose skepsis innabords, oppfattar eg ho som ein truverdig og (i alle fall litt) rettferdig observatør. Dessutan er ho uhyre morosam på ein tørr, vestnorsk måte.

For det er lenge sidan eg har ledd så mykje av noko eg har lest. Som når Ravatn har reist til eit kloster, der ho blir innlosjert saman med ei svensk nonne. Medan Ravatn meir og meir fortvila prøver å tvinge seg sjølv inn i ein stille, meditativ modus, viser den vesle pluggen av ei nonne seg å vere verdas mest pratsame person. ”Ho har dessutan ein irriterande uvane med å seie ”tjoff!” kvar gong ho gjer ei rørsle, til dømes slår på ein lysbrytar eller skjer ei skive ost”, utbasunerar forfattaren. Og når New Energy-sjokoladane i spisskammerset minkar, oppstår det ein uuttala konkurranse mellom Ravatn og den svenske nonna når det gjeld å stele kjeks og sjokolade i skapet mellom måltida.

Det er nesten flaut å innrømme at eg har slept ut spørjande ”Hm” og ”Hah”, i spedd gjenkjennande nikk og tenksame rynkingar av augebryn medan eg har sutte i full offentlegheit og lese boka. For Ravatn er ikkje berre morosam. Ho er også så velformulert og flink til å setje små kvardagslige episodar inn i ein større samanheng, at eg opplever ho som ein skarp og klok samfunnsobservatør. Som når ho i Rorbua i Tromsø møter ein norsk offiser som nett har kome heim frå Afghanistan, som fortel at han tenkjer at alt berre er ein leik når han er ute på oppdrag. Trass i ein openberr skepsis frå Ravatn si side, og ei framstilling av offiseren som både kjenslelaus og potensielt mentalt forstyrra etter alle åra i militæret, klarar ho å skape ei viss forståing og godheit for mannen hos lesaren. Det er godt gjort.

Agnes Ravatn formulerar seg så godt, så smart og til tider så vittig at eg nesten vert litt forelska i ho. På sitt tørrvittige og ekstremt velformulerte vis har ho ei eiga evne til å forføre lesaren. Eg gler meg til å lese meir frå hennar tastatur.