Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

kva er slektskap?/ eg sit i halvmørket på rommet mitt og kjenner plutseleg at eg er i slekt med ein fisk utan hav (s. 17). Marit Kaldhol er lærar. Men det siste året har ho også vore student. Vi studerer for å bli dramatikarar, Kaldhol, eg og nokre andre barnebokforfattarar. Gjer det meg ueigna til å seie noko om den siste boka hennar? Nei, dette er ikkje ein dom over boka. Dommen har Norsk Kritikerlag gitt henne. Den lyd slik: “Kaldhol er nominert til Kritikerprisen 2011 for kodeord (…)”. Det fekk ho vite i eit friminutt på dramatikarskulen vår. No skal vi gå dit, og begynner med timen før friminuttet kor Kaldhol fekk telefonen med den gode nyhenda:Undertekst er bra greier, seier “lærar” ved dramatikarutdanninga, og spesialrådgivar ved Dramatikkens Hus, Ragnhild Aspen Mærli. Mærli meiner at Kaldhol har gjort det bra i den siste innleveringa si. Stykket til Kaldhol er om ungdom i ytterkanten av samfunnet. Det er ting mellom linjene. Replikkane til ungdommane er bare toppen av isberget. Alt under havoverflata er det virkelege dramaet. La oss ta med desse orda til lesinga av søkeord.

I teateret er det bare replikkane som gjeld. Dramatikaren må vise korleis nokon kjenner det – gjennom måten han eller ho ordlegg seg. På liknande vis viser Kaldhol kven “Mikke” er gjennom dagboktekstar. Dagbokforma opnar for tankar, kjensler, til psykologisering og refleksjonar. Men likevel er søkeord(…) full av undertekst. Hovudpersonen i boka er eit ungt menneske. “Mikke” er danna, og har nokre filtre og reguleringar i høve til korleis han ordlegg seg. Mykje av det han regulerer bort, blir til undertekst. Trass i eller på grunn av mørkret som han ber på, har “Mikke” ein naturleg tendens mot det poetiske og det som er ope for tolkning og fleire tydingar. Dette er poetisk realisme. Og det trass i at Mikkes språk er kunstferdig. Akkurat slik som nokre folk faktisk ordlegg seg – sjølv i dagbøkene sine. Sjå bare dagbøkene til Olav H. Hauge, til Arne Garborg eller Anaïs Niin, eller “Dagbok” av Tomas Espedal.

Støttekontakt og støttekontrakt

Eg les søkeord (…) den veka då downs’aren Marte vitjar Stortinget. Medan eg les at støttekontakten “Mikke” bind band med den handikappa Sverre, sit Marte i vrimlearealet på tinget. Medan Marte spør statsministar Stoltenberg om ho har like stor rett til å leve som andre, skriv Kaldhol fram eit vakkert portrett av ein ressurssterk ungdom og downs-vennen hans Sverre.  Sverre, den såkalla veike, han overlever. Mikael, den såkalla sterke, går bort av eigen vilje. “Eg” som fortel historia, og “Sverre”, blir til i møtet mellom kvarandre.

Eg hugsar “Riget”. Tv-serien, som er frå 1994, handlar om forholdet mellom vitskap og det andelege. Meir konkret: Mellom legane på eit sjukehus i København – og om livet etter døden. Heltane i dette ganske så galne eposet var eit par downs’arar som var sette til å vaske koppane på storkjøkkenet. Dei står nede i kjellaren og småpratar om dette og hint og fortel sanningar. Både gjenferd og vitskap blir menneskelege når desse to snakkar om det. På liknande måte les eg “Sverre” som eit slags punkt av balanse i kodeord (…). “Mikke” har ofte ei vitskapeleg tilnærming til kjærleiken. “Siri”, kjærasten hans, er meir spontan og direkte, og framstår som ein seksuelt orientert person. “Sverre” er verken det eine eller det andre, eller alt samtidig. “Mikke” skriv: Sverre frydar seg over sex slik svoltne småungar frydar seg over is til dessert./ så uskyldig.

Historia

Rekk opp handa alle dei som har vore forelska i nokon som var ein annan stad enn deg. Rekk opp handa alle som har ønskt relasjon til nokon du aldri kunne få, uansett kor bra du var eller gjorde deg!

“Rekk opp handa den som” er ein leik som eg drar når eg er saman med eit tantebarn av meg. Anders, som han heiter, er åtte år gamal, og ein sårbar gut. Det er ikkje alltid så lett det, når far hans er jagarflygar, og ein dyktig sådan. Ein dyktig jagarflygar er den som kan kontrollere kjenslene sine og unngå nervøsitet sjølv i dei mest pressa situasjonane. Kaldhols “eg” brukar dagboka si til å reflektere omkring kjenslestoff og hjartesaker. Han er på mange måtar ein moderne helt. Ikkje som downs’ane i “Riget”, som kjem med sanningane. Ikkje som ein Che Guevara eller andre aktivistar som får gjennom revolusjon eller annan revolt. “Eg” er ein problemaktivist; ein postmoderne og avantgarde idearbeidar som sett ut i verda for å stille spørsmålsteikn ved dei mange tinga som folk flest tar for gitt. Som begjær. Og det er mykje varme og kjærleik i eit slikt prosjekt.

Forma

Søkeord (…) er for meg ein lyrisk punktroman. Kvar tekst er omkring ei side lang. Den har tre delar: “Mikke”s dagbok, “mammas” minnebok og andre sine minne. For meg er boka todelt. Det er Mikaels fortelling, og dei andres. For meg er “Mikke”s forteljing ei nestan heil bok i seg sjølv. For denne lesaren handlar boka, no, om forholdet mellom biologi og sjel, mellom somatikk og psyke. Men så sluttar denne delen brått. Boka går i ei anna retning enn den eg var innstilt på. Først blir eg litt sur. Eg er ikkje ferdig med tema, trur eg, når Kaldhol går vidare. Men eg trur kanskje at det er eg som er enkel og litt langsam, og at det er heilt rett at noko anna blir introdusert. Det er jo i den farta dei unge fungerer. Sukk. Og med det må eg opne opp for dei nye perspektiva. Tema er stadig det same. Det handlar om intimitet mellom kjærastar, og mellom barn og foreldre. Det handlar om intimitetsangst, eller lengta etter intimitet. Og ikkje minst handlar det om ulike formar for flukt.

Men forma endrar seg altså drastisk. Den første delen har eit konsekvent og gjennomført språk. Tekstane i den andre halvdelen har til felles at dei viser røystene og kjenslene til dei pårørande. For meg blir dette eit prosjekt i seg sjølv, som eg ønskjer at var tatt heilt ut – på sitt premiss. Men kanskje er det bare for kort tid sidan eg las Carl Frode Tiller. Dei siste bøkene hans, som heiter Bipersonar og Innsirkling I og – II portretterer hovudpersonen gjennom andre folk sine minne om han. Det handlar om ettermæle, også her, og om korleis ein hugsar og blir hugsa. Men bortsett frå dette er Tillers prosjekt nok ganske annleis enn Kaldhols. Men eg nemner det bare, sidan det er slik eg les: Intuitivt og med hjartet, og difor med all den ballasten som eg til einkvar tid har med meg.

Innvendingar?

Eg les kvinnene i denne boka som varme, modne, kjærlege, lengtande og, for nokre av karane, påtrengande. Karane er kjenslemessig mindre utvikla, og snakkar ikkje om viktige ting. Dei dyttar kvarandre i skuldra i staden. Det kan ha gjort boka føreseieleg, og som ein forpaktar av tradisjonelle kjønnsroller. Men på sine eigne premiss er dette eit rett kjenneteikn. Det er i Sverres and, trur eg. Akkurat passe føreseieleg. Les sjølv, og døm sjølv. Eg rår dykk til å lese denne boka i aller høgaste grad. Og kanskje er det difor eg ønsker at det bare var meir av ho. Eg sørgjer over at eg har kome gjennom ho, så god var boka.

Eg ønskjer at boka var lenger. Ho kunne ha vore to bøker. Eg kan ønskje at Kaldhol fokuserte på dagboka til “Mikke”, og reindyrka dei tinga som ho har med seg. Men Kaldhol har ikkje gått for ei formmessig konsekvent og “rein” bok denne gongen. Boka er litt uryddig. Det gjer boka uhyggeleg verkeleg.