Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Gyldendal

 

I boka treffer vi Juni, ei jente med ein moderne familiesituasjon og ein venegjeng i endring. Musikk er hennar store interesse, og ho har ein knallraud elgitar som ho nærast kjenner seg naken utan. Ho speler i eit band med fire av venene sine. Bandet speler coverlåtar av norske rockeband og har allereie begynt å få oppdrag, i det minste i skulesamanhengar. Den største utfordringa dei har er å finne eit passande bandnamn.

Foto: Gyldendal
Med plekter i lomma
av Lise Knudsen
Gyldendal Norsk Forlag 2009

Omslagsfoto: Gyldendal

Juni bur hos mora med hennar nye mann og to brør det meste av tida. Eit par dagar i veka er ho hos sin musikkinteresserte far, men det er ikkje alltid han hugsar på at ho skal kome. Då er det fint å kunne besøke besteforeldra i etasjen over. Der kan ho få varm middag og hjelp til praktiske gjeremål, som å fikse den nye forsterkaren sin. Bu-situasjonen passar Juni godt, heilt til mora og stefaren avgjer at familien må flytte til ein stad eit stykke unna, og ho må skifte skule. Korleis skal Juni løyse det? Skal ho flytte til faren? Etterkvart får ho fleire utfordringar å ta stilling til. Ho blir invitert til å vere med i endå eit band, eit band med eldre gutar som speler eigenprodusert rock. Kva vil det gamle bandet tenkje om det? Det gamle bandet, der bassisten og trommisen plutseleg har blitt saman, og med kompisen August som lukkar ho ute medan han heilt tydeleg slit med noko som ho gjerne skulle hjelpt han med. Midt oppe i alt blir bestefaren sjuk. Det er mykje som skal kome til å endre seg i Juni sitt liv.

Forfattaren viser i Med plekter i lomma at ho har stor innsikt i både ungdomskultur og i utøvande musikk. Dette gjev historia truverde på den eine sida, men samstundes bidrar referansane til samtidas ungdomskultur til at boka kan få ei kort levetid. Til dømes nemnast populære band, tv-seriar og artistar som ikkje vil vere kjent for lesarar om eit par år. Forfattaren har med det sett boka i fare for å hamne i ein bås som samtidspopulær ungpike-litteratur, og dette kan vere med på å innskrenke lesarskaren, både tidsmessig og kvantitativt.

Skrivestilen til Knudsen er tidvis med på å understreke kven det kan synast som om forfattaren frir til. Karakterane blir introduserte med eit eller anna personleg særtrekk ein etter ein, lik ein romantisk komedie. Og enkelte hendingar blir ofte tillagt ein dramatikk som ikkje står i samsvar med historia, blant anna ved at adjektivet plutselig blir brukt i overkant mange gonger. For eldre lesarar kan dimed  ”Med plekter i lomma” bli litt for enkel, men boka vil kan hende i større grad fengsle dramatikk-glade, yngre lesarar. Forfattaren skal ha plusspoeng for å skrive om ein ung kvinneleg gitarist, utan å gjere dette til ei sentral problemstilling i romanen. At Juni er gitarist er ein sjølvfølgje, i så stor grad at ein må smile av episoden kor Juni sin fem år gamle litlebror ytrar:
”Jeg ønsker meg gitar, jeg, Juni. For gutter kan også spille gitar, ikke sant?”

Det er også ei styrke ved boka at ein unngår å indikere retningar ved historia for så å late som om lesarane ikkje forstår kva som vil kome. Når forfattaren til dømes presenterar teikn til at ein kamerat av Juni er homofil, så stiller Juni seg sjølv spørsmålet umiddelbart. Her har kan hende romantiske komediar noko å lære av Knudsen…

Knudsen viser seg også tidvis å vere dyktig på observasjonar og stemningsbeskrivingar. Ein får dimed eit godt inntrykk av korleis Juni har det.

Diverre er heilskapsinntrykket av historia likevel ikkje god nok til at denne lesaren blei bergteken. Historia har eit høgt tal ulike komplikasjonar å halde oversikt over, og ho er ikkje lang nok til at ein kjem under overflata av nokre av dei. I tillegg har romanen ei særs ope avslutning. Mange lause trådar blir hengjande, og sjølv om ein ikkje alltid er tent med klåre, lukkelege avslutningar på alle historier, hadde det i dette tilfellet vore fint å få vite litt meir korleis det til slutt går med Juni og dei rundt ho.

Lise Knudsen skriv ungdomslitteratur med stor truverd, men for at fleire skal glede seg over det, må ho tore å gå litt djupare inn i karakterane sitt univers. Forhåpentlegvis vil ikkje ungpikene støytast bort som lesarar av den grunn.