Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den forvirra guten og kjærleiken:

Jarle Klepp er ung, sint og kjærleikssjuk. Året er 1989, Stavanger er ikkje akkurat verdas navle, men ungguten sitt mikrokaos er stort så det held. Han blir trekt mellom dei skilde foreldra, ein alkoholisert far og ei arbeidslaus mor, medan han stablar både band og eit kjærasteforhold til den populære Katrine på beina. Det heile humpar greitt av garde, inntil Yngve, den nye snobbeguten i klassen, set det heile ut av balanse. Jarle er forelska i sin vakre kjærast, men han blir likevel trekt mot Yngve, og i prosessen gjennomlever han naudsynte tilpassingar, til eiga overrasking og bestevenen Helge si forferding. Punkrockaren Jarle byrjar å spele tennis og er til og med tilbøyeleg til å  bryte ut av sitt strenge musikksmakregime og tek til å smådigge synthpop. Trass i stor øveinnspurt framfor debutkonserten med Mattias Rust Band på studentkonsertstaden Folken, snik han seg unna for å treffe Yngve i smug. Det heile kuliminerar i ein heime-åleine-fest som henta ut frå foreldregenerasjonen sitt mareritt. Og i fylleangsten dagen der på må Jarle takle meir radikale tap enn ein viss reduksjon av hjerneceller.

Tore Renberg sin populære roman om ungdomstid i siddishovudstaden på tampen av åttitalet har blitt film. Renberg har sjølv omarbeidd romanen, og filmversjonen er handlingsmessig tru mot originalmanus. Men med unntak av eit særs fengjande musikkspor, manglar diverre filmen Mannen som elsket Yngve den nærast sanselege berøringsevna boka hadde. Saman med historia er musikken definitivt filmen sin styrke, og er i stor grad det som set heile filmen sin tone. Handlinga driv fram mellom dei heftige rockeriffa, og melodiane kler vekslinga mellom det såre og bråkjekke i den gryande melankolien over tapt barndom og krevjande vaksenliv.

Godt spel

Ein anna styrke ved filmen er karakterane. Dei unge skodespelarane gjer ein god innsats og skapar truverdige forelska og frustrerte ungdomar. Særleg evner Rolf Kristian Larsen å gjere ambivalensen til Jarle tydeleg. Sjølv om den tjuefire år gamle skodespelaren i utgangspunktet var for gammal for rolla, er alderen inga hindring i framstillinga av den forvirra tenåringen. Også Ole Christoffer Ertvaag (Yngve) gjer eit godt underspel som får fram det sårbare ved ungguten, utan å på nokon måte gjere han stakkarsleg. At Yngve tidvis nærmar seg noko vagt parodisk er ikkje Ertvaag sin feil.

Arthur Berning er god som den humørspreiande raddisen Helge, medan Katrine er spela av vetlesystra til den førebels meir kjende Nicolai Broch, Ida Elise Broch. Ho gjer også ein god jobb, sjølv om rolla hennar ikkje har same særpreg som gutane sine.

Frodig innhald, noko tam form

I si form er ikkje filmen særleg nyskapande. Men unntak av ein direkte tale til publikum i byrjinga, er filmen lite eksperimentell og føyer seg slik fint inn i rekkja av norske feelgood – skildringar av unge leveår utan særleg brodd. Tematikken er alvorleg nok den, i si skildring av brotne relasjonar, einsemd og mental ubalanse, og homofil ungdomskjærleik i norsk film er kanskje på tide. Men Mannen som elsket Yngve er altså lite vågal i si framstilling, og avstanden mellom tragedien i historia og framstillingas vilje til å uttrykkje denne, er tidvis stor. Filmen tar ingen sjansar med tanke på å utfordre publikum og la dei kjenne på litt av ubehaget. Dette vert heller pakka inn i ein tidstypisk korrekt miljøskildring som balanserer det alvorlege med tilløp av parodi. Som i skildringa av den skjøre, homofile Yngve med ein heilt umogleg sveis.

Også avslutninga på filmen med ei vekting av ei mindre bekymringsfull nær fortid, er også ein unødig moderator av den potensielt pirrande siste scena, der dei to gutane endelig møter kvarandre i ei omfamning.

Humor og ei fornøyeleg framstilling kan sjølvsagt vere effektive verkemidlar i ei forteljing for å få fram det ein ynskjer å formidle. Men Mannen som elsket Yngve evner diverre, trass truverdige karakterar, ikkje å seie så mykje utover å gje ei underhaldande skildring frå nokre ungdomsliv. Og medan eg tok meg i å gispe i spaning, eller raudne av flauskap då eg las boka, var faktisk songen til Mattias Rust Band om satan og anarki det som hang mest igjen etter at eg såg Mannen som elsket Yngve.