Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile grøssarhistoria til Tor Arve Røssland tar nemleg utgongspunkt i ein gammal spegel på badet i den nye leilegheita til Elisabeth og mora hennar.Eg veit ikkje heilt om eg var så klar for kor nært det overnaturlege kjapt blei i denne boka. Eg venta lenge på at det på ein eller annan måte skulle kome fram at dette bare var noko Elisabeth hadde drøymt. Det var det ikkje.

”Ho fekk ei vemmeleg kjensle i heile kroppen og kjente noko kaldt som strauk henne over fingertuppane”. Slik begynner det andre kapittelet. Røssland beskriver på intenst vis kjenslene Elisabeth får i den nye leilegheita ho og mora har flytta til etter brannen og samlivsbrotet.

Han har ein engasjerande måte å male ut situasjonar og kjensler for lesaren. Det gjer det også mykje meir spennande å lese bøkene hans. Sjølv om han maler intense språklege bilete svart på kvitt, så blir språket aldri tungt og uoverkommeleg. Det er lett og drivande, og då blir historia også det.

Spennande bøker les eg i ein fart. Det gjorde eg også med denne boka. På ein ettermiddag og kveld var ho unnagjort. Det var nesten så eg var skuffa då eg var ferdig. Er det alt over? Likevel kjennest det som om det kanskje ikkje er det siste vi får høyre om dette. Som om det kjem ei bok til. Og den boka vil eg lese!

Samtidig som det er ei ulideleg spennande grøssar-historie på dei 150 sidene, så er det også ei historie om brot og sorg. Om einsemd og lengsel etter livet som det var då ein var liten, kunne krype opp på fanget til mor og heile familien framleis var intakt.

Slik er det ikkje for Elisabeth eller Marie. Slik er det heller ikkje for mange unge i dag. Mange opplever sorg i samband med samlivsbrot. Det er ikkje lett å takle verken for dei vaksne eller barna deira. Spesielt ikkje for dei unge som er i ei brytning mellom barn og vaksen.

Tor Arve Røssland har skrive mange bøker for både barn, ungdom og vaksne sidan debuten i 1999. Dei mest kjende bøkene hans er dei fire barnebøkene om den seks år gamle guten Pode.